Blomsterfuglar
Blomsterfuglar | |
Eldbukblomsterfugl, Dicaeum trigonostigma Foto: Lip Kee Yap
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Blomsterfuglar Dicaeidae Bonaparte, 1853 |
Blomsterfuglar er ein biologisk familie, Dicaeidae, av sporvefuglar. Familien består av to slekter, Prionochilus og Dicaeum, med totalt 47 artar. Desse fuglane lever i tropiske sørlege Asia og Australasia frå India austover til Filippinane, og sørover til Australia. Familien har eit vidt spekter av habitatpreferansar, lever i ei rekkje miljø frå havnivå opp til alpint miljø. Nokre artar, som mistelteinfugl i Australia, er registrert som svært nomadisk i delar av utbreiingsområdet sitt.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Det er liten variasjon mellom artane i familien. Blomsterfuglar er små, men kraftige fuglar, med kort hals og korte bein. Storleiken spenner frå 10 cm og 5,7 gram for dvergblomsterfugl til 18 cm og 12 gram for sancristobalblomsterfugl. Blomsterfuglar har kort hale, korte tjukke bøygde nebb og røyrforma tunger. Sistnemnde vitnar om tydinga av nektar i kosten for mange artar. Dei har òg fordøyingssystem som har utvikla seg til effektivt handtering av mistelteinbær.[1] Dei har ofte lite iaugefallande farger, men hos fleire artar har hannane klåre karmosinraude og eller svartglansa område i fjørdrakta.
Nektar er ein del av føda, sjølv om dei òg tar bær, edderkoppar og insekt.[3] Det er funne 21 artar i 12 slekter av misteltein som kan gå inn i kosthaldet til blomsterfuglar, ein trur alle artar har tilpassingar til å ete desse bæra og skilje seg av med dei fort. Blomsterfuglar kan søkje føde i fleirartsflokkar med solfuglar og brillefuglar, så vel som med andre artar av blomsterfuglar.
Det finst lite kunnskap om forplantingsbiologien hos blomsterfuglar.[1] For artar der det er samla inn data finn ein at dei tilsynelatande dannar monogame par for hekking, men arbeidsdelinga varierer. Hos svarthovudblomsterfuglparet tar begge del i reirbygging, ruging og omsut for ungane, medan hofuglen hos mistelteinfugl tar dei to første oppgåvene åleine. Blomsterfuglar legg 1 til 4 egg, vanlegvis i eit veskeforma reir av plantefiber som heng ned frå eit lite tre eller ein busk.
Dei fleste blomsterfuglar er fleksible med omsyn til påverknader i miljøet, og er ikkje trua av menneskeleg aktivitet.[1] IUCN vurderer fem artar å vere nær trua, dei reknar to artar som sårbare og ein, cebublomsterfugl, som kritisk trua. Tap av habitat er årsaka til nedgangen av desse artane.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Familien har nokre gonger vore med i ein utvida solfuglfamilie, Nectariniidae. Dessutan har bærfuglar, Melanocharitidae og kongebærfuglar, Paramythiidae, vore inne i denne familien.
Blomsterfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
Slekt Prionochilus
- Olivenryggblomsterfugl, Prionochilus olivaceus, Olive-backed Flowerpecker, Tweeddale, 1877, (LC)
- Grønstripeblomsterfugl, Prionochilus maculatus, Yellow-breasted Flowerpecker, Temminck, 1836, (LC)
- Karminbrystblomsterfugl, Prionochilus percussus, Crimson-breasted Flowerpecker, Temminck, 1826, (LC)
- Palawanblomsterfugl, Prionochilus plateni, Palawan Flowerpecker, Blasius, W, 1888, (LC)
- Gulgumpblomsterfugl, Prionochilus xanthopygius, Yellow-rumped Flowerpecker, Salvadori, 1868, (LC)
- Svarthovudblomsterfugl, Prionochilus thoracicus, Scarlet-breasted Flowerpecker, Temminck, 1836, (NT)
Slekt Dicaeum
- Sitrongumpblomsterfugl, Dicaeum annae, Golden-rumped Flowerpecker, Büttikofer, 1894, (LC)
- Tjukknebblomsterfugl, Dicaeum agile, Thick-billed Flowerpecker, Tickell, 1833, (LC)
- Brunblomsterfugl, Dicaeum everetti, Brown-backed Flowerpecker, Sharpe, 1877, (NT)
- Skjeggblomsterfugl, Dicaeum proprium, Whiskered Flowerpecker, Ripley & Rabor, 1966, (LC)
- Svartstripeblomsterfugl, Dicaeum chrysorrheum, Yellow-vented Flowerpecker, Temminck, 1829, (LC)
- Gulbukblomsterfugl, Dicaeum melanoxanthum, Yellow-bellied Flowerpecker, Blyth, 1843, (LC)
- Kvitbrystblomsterfugl, Dicaeum vincens, White-throated Flowerpecker, Sclater, PL, 1872, (NT)
- Gulsideblomsterfugl, Dicaeum aureolimbatum, Yellow-sided Flowerpecker, Wallace, 1865, (LC)
- Tygleblomsterfugl, Dicaeum nigrilore, Olive-capped Flowerpecker, Hartert, 1904, (LC)
- Eldkroneblomsterfugl, Dicaeum anthonyi, Flame-crowned Flowerpecker, McGregor, 1914, (NT)
- Mørkryggblomsterfugl, Dicaeum bicolor, Bicolored Flowerpecker, Bourns & Worcester, 1894, (LC)
- Cebublomsterfugl, Dicaeum quadricolor, Cebu Flowerpecker, Tweeddale, 1878, (CR)
- Raudreimblomsterfugl, Dicaeum australe, Red-keeled Flowerpecker, Hermann, 1783, (LC)
- Blodflekkblomsterfugl, Dicaeum haematostictum, Black-belted Flowerpecker, Sharpe, 1876, (VU)
- Raudnakkeblomsterfugl, Dicaeum retrocinctum, Scarlet-collared Flowerpecker, Gould, 1872, (VU)
- Eldbukblomsterfugl, Dicaeum trigonostigma, Orange-bellied Flowerpecker, Scopoli, 1786, (LC)
- Lysbukblomsterfugl, Dicaeum hypoleucum, White-bellied Flowerpecker, Sharpe, 1876, (LC)
- Bleiknebblomsterfugl, Dicaeum erythrorhynchos, Pale-billed Flowerpecker, Latham, 1790, (LC)
- Malabarblomsterfugl, Dicaeum concolor, Nilgiri Flowerpecker, Jerdon, 1840, (LC)
- Olivenblomsterfugl, Dicaeum minullum, Plain Flowerpecker, Swinhoe, 1870, (LC)
- Svovelblomsterfugl, Dicaeum virescens, Andaman FlowerpeckerHume, 1873
- Dvergblomsterfugl, Dicaeum pygmaeum, Pygmy Flowerpecker, Kittlitz, 1833, (LC)
- Karminkroneblomsterfugl, Dicaeum nehrkorni, Crimson-crowned Flowerpecker, Blasius, W, 1886, (LC)
- Gråhovudblomsterfugl, Dicaeum schistaceiceps, Halmahera Flowerpecker, Gray, GR, 1861, (LC)
- Raudplettblomsterfugl, Dicaeum erythrothorax, Buru Flowerpecker, Lesson, R & Garnot, 1828, (LC)
- Globlomsterfugl, Dicaeum vulneratum, Ashy Flowerpecker, Wallace, 1863, (LC)
- Irianblomsterfugl, Dicaeum pectorale, Olive-crowned Flowerpecker, Müller, S, 1843, (LC)
- Raudkroneblomsterfugl, Dicaeum geelvinkianum, Red-capped Flowerpecker, Meyer, AB, 1874, (LC)
- Louisiadeblomsterfugl, Dicaeum nitidum, Louisiade Flowerpecker, Tristram, 1889, (LC)
- Bismarckblomsterfugl, Dicaeum eximium, Red-banded Flowerpecker, Sclater, PL, 1877, (LC)
- Salomonblomsterfugl, Dicaeum aeneum, Midget Flowerpecker, Pucheran, 1853, (LC)
- Makirablomsterfugl, Dicaeum tristrami, Mottled Flowerpecker, Sharpe, 1884, (LC)
- Fakkelblomsterfugl, Dicaeum igniferum, Black-fronted Flowerpecker, Wallace, 1864, (LC)
- Praktblomsterfugl, Dicaeum maugei, Red-chested Flowerpecker, Lesson, R, 1830, (LC)
- Juvelblomsterfugl, Dicaeum ignipectus, Fire-breasted Flowerpecker, Blyth, 1843, (LC)
- Belteblomsterfugl, Dicaeum monticolum, Black-sided Flowerpecker, Sharpe, 1887, (LC)
- Gråsideblomsterfugl, Dicaeum celebicum, Gray-sided Flowerpecker, Müller, S, 1843, (LC)
- Blodbrystblomsterfugl, Dicaeum sanguinolentum, Blood-breasted Flowerpecker, Temminck, 1829, (LC)
- Mistelteinfugl, Dicaeum hirundinaceum, Mistletoebird, Shaw, 1792, (LC)
- Raudryggblomsterfugl, Dicaeum cruentatum, Scarlet-backed Flowerpecker, Linné, 1758, (LC)
- Raudhovudblomsterfugl, Dicaeum trochileum, Scarlet-headed Flowerpecker, Sparrman, 1789, (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Flowerpecker» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2010
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Cheke, Robert; Mann, Clive (2008). «Family Dicaeidae (Flowerpeckers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. s. 350–367. ISBN 978-84-96553-45-3.
- ↑ Rand, Austin (1961). «The tongue and nest of certain flowerpeckers (aves:dicaeidae)». Fiediana Zoology 39:53. Henta 29. november 2010.
- ↑ Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 205–208. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar av blomsterfuglar hos Internet Bird Collection