Bodo Tümmler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bodo Tümmler


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 8. desember 1943 (80 år)
Toruń
Idrett 800 meter, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Bodo Tümmler (fødd 8. desember 1943) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Thorn og oppvaksen i Vest-Berlin, som representerte Vest-Tyskland på mellomdistansane i 1960-70-åra. Han vart europameister på 1500 meter i 1966 og tok OL-bronse på same distansen i 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tümmler markerte seg i 1964-sesongen med personleg rekord på 1500 med tida 3.42,7. Året etter forbetra han seg til sterke 3,39,5 og vart vesttysk meister på distansen for fyrste gong, sidan vann han den nasjonale meistertittelen på 1500 m i 1969, 1971 og 1972. Han vann også distansen i universiaden i 1965, og forsvarte fyrsteplassen i 1967.

I 1966-sesongen forbetra Tümmler den personlege rekorden til 3.39,1. Under europameisterskapen 1966 i Budapest sprang han inn til gullmedalje på 1500 meter, etter ein hard sluttspurt mot franske Michel Jazy og sin eigen landsmann Harald Norpoth. Tre dagar etter gjorde Tümmler unna sitt livs beste 800 meter og tok bronsemedaljen på tida 1.46,3, den austtyske vinnaren Manfred Matuschewski fekk notert 1,45,9.

Den 10. juli 1968 i Köln gjorde Tümmler sitt aller beste 1500-meterløp. Han vann distansen på tida 3.36,5, 0,2 sekundar bak den to år gamle europarekorden til Michel Jazy. Tre månader seinare sprang Tümmler inn til bronsemedalje under sommarleikane 1968 i Mexico-byen, slått av kenyanaren Kipchoge Keino og Jim Ryun frå USA.

Etter 1969-sesongen heldt han ikkje lenger europeisk toppnivå.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]