Hopp til innhald

Skåre kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skåre kyrkje
kyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk tømmer
Material Tre
Innvigd 1858
Skip Åttekantkyrkje
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 450
Kart
Skåre kyrkje
59°25′10″N 5°15′49″E / 59.4195°N 5.2635°E / 59.4195; 5.2635
Wikimedia Commons: Skåre kirke

Skåre kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1858 i Haugesund kommune i Rogaland fylke.[1]

Kyrkjetype teikna av Grosch

Byggverket er i tre og har 450 plassar.[1][a] Kyrkja blei utvida i 1972. Kyrkjeklokkene frå den forrige Skåre kyrkje blei brukt i den nye.[3] Ho har ei defekt kyrkjeklokke frå mellomalderen, ei frå 1621 og tre frå 1973. Altertavla er frå 1858, orgelet er frå 1958. Eit dåpsfat er frå 1627. Kyrkjerommet har galleri.[2]

Haugesund fekk kjøpstadsrettar i 1854 og blei skilt ut frå Torvastad. I 1879 blei Haugesund og Skåre slått saman til eitt prestegjeld og i 1958 blei Skåre herad ein del av Haugesund kommune.[4]

  1. Rasmussen oppgir 550 plassar[2]
  1. 1 2 «Skåre kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
  2. 1 2 Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 468. ISBN 82-7527-022-7.
  3. Huglen, Andreas (1998). Skåresoga. Saltveit.
  4. Myckland, Haakon Falck (1959). Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Rogaland Nordre del. Oslo: Norsk faglitteratur.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]