Tysvær kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°19′53″N 5°29′29″E

Tysvær kyrkje
kyrkje
Tysvær kirke.jpg
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Haugaland
Sokn Tysvær
Fellesråd Tysvær
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1852
 - Endringar Rest. 1977
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Klokker 2: ca. 1600 og 1927 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ja
Døypefont Av kleberstein (ca. 1100)
Altartavle Ole Frøvig (1938)
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (1973)
Sitjeplassar 490
Wikimedia Commons: Tysvær kyrkje

Tysvær kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1852 i Tysvær kommune i Rogaland fylke. Ho har 490 sitjeplassar.[1] Kyrkja har tårn i vest, og koret er rett avslutta. Utvendig har kyrkja liggjande panel, mmedan det flattelgja laftetømmeret er synleg inne i kyrkja.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altartavla synar Jesus og to læresveinar i Emmaus. Klebersteinsdøypefonten er frå mellomalderen.[2] Orgelet (14 registre) vart bygd av Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk i 1973.[3]

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Tysvær har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Ei stavkyrkje vart avløyst av ei tømmerkyrkje omkring 1630. Denne tømmerkyrkja vart vøla fleire gonger før ho vart avløyst av ei ny kyrkje i 1852.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tysvær kyrkjelege fellesråd
  2. Rasmussen (1993), s. 417.
  3. Norsk orgelregister
  4. Brendalsmo (2016), s. 120.