Boris Gleb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boris Gleb
busetnad
Борисоглебский. Июнь 2013 г. - panoramio.jpg
Wikimedia Commons: Borisoglebsky, Murmansk Oblast

Boris Gleb (russisk Борисоглебский, norsk Skoltfossen, finsk Kolttaköngäs) er eit russisk område på ca. 3,6 km² på vestbreidda av Pasvikelva på grensa mot Finnmark.

Den viktigaste grenseovergangen (E105) mellom Noreg og Russland går over Storskog på norsk side og Boris Gleb på russisk side, men denne ligg på austbreidda av Pasvikelva.

Det ligg eit kraftverk i Boris Gleb, som leverer mykje elektrisk energi til Noreg.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Boris Gleb tidleg på 1900-talet.

Trifon av Petsamo, som levde på 1500-talet og som misjonerte mellom skoltesamane, bygde dei russisk-ortodokse kyrkjene i Boris Gleb og i Neiden i 1565. Namnet Boris Gleb kjem av helgenane Boris og Gleb, som spela ei sentral rolle innanfor den russisk-ortodokse kyrkja. Kyrkjene i Boris Gleb var ei enkel tømmer­bygning. Ho vart skoltesa­mane si viktig­aste kyrkje. Ho brann ned i 1944. Mot slutten av 1800-talet vart det bygd ei større og staselegare kyrkje attmed den opphavlege. Den nye kyrkja står framleis og vart restaurert. I 1992 vart kyrkja opna igjen.[1]

Grensa mellom Noreg og Russland vart endeleg fastlagt som ein del av Grensekonvensjonen av 1826 mellom Sverige og Russland. Frå 1500-talet vart Varangerfjorden rekna som grensa mellom de to rika, medan det i innlandet ikkje var noka formelt grense. På grunn av den historiske tilknytinga til Russland vart området rundt Boris Gleb lagt til Russland, sjølv om dette låg på «norsk» (vestre) bredd av Pasvikelva. Som kompensasjon vart heile området mellom den nedre luten av Pasvikelva og Grense Jakobselv lagt til Noreg.

I tidsbolken 1920 til 1944 høyrde Boris Gleb til Finland som ein del av Petsamo (Petsjenga), men vart teken tilbake av Den raude arméen under offensiven i 1944, då dei tyske soldatane trekte seg tilbake frå Murmanskfronten. Etter krigen vart Boris Gleb igjen formelt ein del av Russland, denne gongen i Russiske SFSR som ein del av Sovjetunionen. Formelt var dette heimla i våpenkvileavtalen etter Den finske framhaldskrigen.

I 1965 opna russarane for visumfri tilgang for nordmenn til Boris Gleb-enklaven, men ordninga vart snøgt stogga frå norsk side, av tryggingspolitiske, eller overvakingspolitiske grunnar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Møte med Trifon og Caroline». pilegrim.no. Henta 16. november 2019.