Neiden kapell
| Neiden kapell | |||
| kyrkje | |||
Kyrkja sett frå nordaust Foto: Gunnar Aasegg | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Varanger | ||
| Sokn | Sør-Varanger | ||
| Fellesråd | Sør-Varanger | ||
| Type | langkyrkje | ||
| Arkitekt | Karl Norum | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 13. juli 1902 | ||
| Kyrkjegard | Det er gravplass ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 155 | ||
![]() Neiden kapell 69°42′07″N 29°23′18″E / 69.70199°N 29.38826°E | |||
| Wikimedia Commons: Neiden kirke | |||
Neiden kapell er ei langkyrkje frå 1902 i Neiden i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Kapellet er bygd i tre i drakestil og er raudmåla med kvitmåla listeverk. Det ligg ved ein sidearm til Neidenfjorden.
I 1898 vende 26 familiefedrar i Neiden seg til Kyrkje- og undervisningsdepartementet og spurde om å få oppført ei kyrkje med kyrkjegard i Neiden. Berre fire år seinare stod kyrkja ferdig. Ynsket til dei fastbuande nordmennene i området om å få ei kyrkje fall saman med ynsket til styresmaktene om å tryggje grenseområda mot finsk-russisk ekspansjon. Arkitekt Karl Norum var særs interessert i stavkyrkjer, og han lagde eit byggverk som skulle vere eit uttrykk for norsk kultur og nasjonal samkjensle i eit grenseområde. Kapellet fekk 155 sitjeplassar og vart levert av ferdighusfirmaet Jacob Digre i Trondheim. Det vart vigsla sjuande sundag etter trinitas, 13. juli 1902.
Inventaret i kapellet er frå byggeåra eller seinare.
Ei systerkyrkje er Buksnes kyrkje i Buksnes i Vestvågøy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Neiden kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Neiden kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Om Sør-Varanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirker og kapeller» på nettstaden til Sør-Varanger kyrkjelyd Arkivert 2016-04-29 ved Wayback Machine.
- NFI rapport for eit forskingsprosjekt
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Finnmark» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-05-05 ved Wayback Machine.
