Burnt Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilean Fraoich sett frå PS «Waverley».

Burnt Islands er tre små øyar som ligg i Kyles of Bute vest for det skotske fastlandet.

Øyane er kvar for seg kjend under dei skotsk-gæliske namna sine. Frå den største til den minste er dei Eilean Mòr (Storøya), Eilean Fraoich (Lyngheiøya) og Eilean Buidhe (Guløya). Merkeleg nok er det berre den minste av desse småøyane, Eilean Buidhe, som har spor etter permanent busetnad med ruinar av eit glassert fort.

Litt lenger vest ligg Eilean Dubh (Svarteøya) ved innløpet til Loch Riddon og i nord ligg Eilean Dearg i sjølve fjorden.

Koordinatar: 55°55′44″N 5°10′33″W