Horse Isle

Koordinatar: 55°38′41″N 4°50′40″W / 55.64482°N 4.84436°W / 55.64482; -4.84436
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luftfoto av Horse Isle frå søraust

Horse Isle er ei busetnadslaus øy utanfor Ardrossan i Firth of Clyde i Skottland. Øya er eit naturreservat styrt av RSPB.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den vesle øya ligg om lag 1 km vest for byen Ardrossan i North Ayrshire. Sjølv om ho ikkje er høgare enn 13 meter over havet, gjer ho noko vern til hamna Ardrossan. Ferja til Arran går nær Horse Isle.

To mindre øyar, North Islet og East Islet, ligg like aust for Horse Isle og fleire mindre skjer ligg i sundet mellom øya og fastlandet.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

I dag er Horse Isle eit naturreservat. Det har status som Area of Special Protection (særskild verneområmde)[1] og her finst mykje hekkande sjøfugl og vadefugl. Øya er viktig hekkeområde for gråmåse, sildemåse og ærfugl.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Conference on the Ecology and Management of the Firth of Clyde - Papers» (PDF). Firth of Clyde Forum. 2001. Arkivert frå originalen (PDF) 16. juni 2006. Henta 6. februar 2010. 
  2. «Overview of Horse Isle». Gazetteer for Scotland. Henta 6. februar 2010. 

55°38′41″N 4°50′40″W / 55.64482°N 4.84436°W / 55.64482; -4.84436