Eilean Dubh i Kyles of Bute

Koordinatar: 55°55′58″N 5°11′37″W / 55.93289°N 5.19373°W / 55.93289; -5.19373
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilean Dubh sett frå PS «Waverley».

Eilean Dubh (skotsk-gælisk for «Svartøya»), stundom kalla Glen Caladh Island, er ei øy like utanfor Cowalhalvøya i Kyles of Bute. Øya er rundt 300 meter lang og 19 meter over havet på det høgaste. Nesten heile øya er dekt av skog.

Sjølv om Eilean Dubh ikkje er busett har eigarane av øya familiegravstaden sin her. Det står òg ei lykt på nordsida av øya.

Eilean Dearg ligg like nord for Eilean Dubh og Burnt Islands ligg like aust.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

55°55′58″N 5°11′37″W / 55.93289°N 5.19373°W / 55.93289; -5.19373