Emberiza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Busksporvar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Emberiza


Gulsporv, Emberiza citrinella, Foto: Martin Mecnarowski
Gulsporv, Emberiza citrinella,
Foto: Martin Mecnarowski
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Emberizidae
Slekt: Emberiza
Vitskapleg namn
Emberiza

Emberiza er ei biologisk slekt av 44 nokså einsarta små til mellomstore sporvefuglar som lever i Eurasia og Afrika. Saman med to nærskylde artar toppsporv, Melophus lathami og skifersporv, Latoucheornis siemsseni, utgjer Emberiza per 2017 heile busksporvfamilien, Emberizidae.[note 1][note 2]

Busksporvane har eit felles anatonomisk trekk ved nebbet: Underkjeven er brei, overkjeven langt smalare med innoverkurva nebbkant eigna til å kutte føda mot underkjeven. Mange har òg ein pukkel under ganen til å knuse frø. Elles er nebbet kort og butt. Kroppslengd på desse fuglane er typisk rundt 15 centimeter, ytterpunkta er dvergsporv på 12 cm og kornsporv på 19 cm. Hos fleire artar får hannar ein ekstra fargerik hekkedrakt, og dei fleste artane i slekta syner sterk kjønnsdimorfisme.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Emberiza i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Brungumpsporv, Emberiza affinis, Brown-rumped Bunting, Heuglin, 1867, (LC)
  • Toppsporv, Emberiza lathami, Crested Bunting, Gray, 1831, (LC)
  • Svarthovudsporv, Emberiza melanocephala, Black-headed Bunting, Scopoli, 1769, (LC)
  • Brunhovudsporv, Emberiza bruniceps, Red-headed Bunting, von Brandt, JF, 1841, (LC)
  • Kornsporv, Emberiza calandra, Corn Bunting, Linné, 1758, (LC)
  • Raudkinnsporv, Emberiza fucata, Chestnut-eared Bunting, Pallas, 1776, (LC)
  • Tibetsporv, Emberiza koslowi, Tibetan Bunting, Bianchi, 1904, (NT)
  • Mandsjuriasporv, Emberiza jankowskii, Rufous-backed Bunting, Taczanowski, 1888, (EN)
  • Klippesporv, Emberiza cia, Rock Bunting, Linné, 1766, (LC)
  • Lisporv, Emberiza godlewskii, Godlewski's Bunting, Taczanowski, 1874, (LC)
  • Engsporv, Emberiza cioides, Meadow Bunting, von Brandt, JF, 1843, (LC)
  • Hekksporv, Emberiza cirlus, Cirl Bunting, Linné, 1766, (LC)
  • Kalkhettesporv, Emberiza stewarti, Chestnut-breasted Bunting, Blyth, 1854, (LC)
  • Gulsporv, Emberiza citrinella, Yellowhammer, Linné, 1758, (LC)
  • Kvithovudsporv, Emberiza leucocephalos, Pine Bunting, Gmelin, SG, 1771, (LC)
  • Raudbrystsporv, Emberiza buchanani, Gray-necked Bunting, Blyth, 1845, (LC)
  • Tyrkarsporv, Emberiza cineracea, Cinereous Bunting, Brehm, CL, 1855, (NT)
  • Hortulan, Emberiza hortulana, Ortolan Bunting, Linné, 1758, (LC)
  • Rustsporv, Emberiza caesia, Cretzschmar's Bunting, Cretzschmar, 1827, (LC)
  • Gulbuksporv, Emberiza cabanisi, Cabanis's Bunting, Reichenow, 1875, (LC)
  • Gullbrystsporv, Emberiza flaviventris, Golden-breasted Bunting, Stephens, 1815, (LC)
  • Gråsidesporv, Emberiza poliopleura, Somali Bunting, Salvadori, 1888, (LC)
  • Kappsporv, Emberiza capensis, Cape Bunting, Linné, 1766, (LC)
  • Malawisporv, Emberiza vincenti, Vincent's Bunting, Lowe, 1932
  • Nomadesporv, Emberiza impetuani, Lark-like Bunting, Smith, A, 1836, (LC)
  • Granittsporv, Emberiza socotrana, Socotra Bunting, Ogilvie-Grant & Forbes, HO, 1899, (NT)
  • Sebrasporv, Emberiza tahapisi, Cinnamon-breasted Bunting, Smith, A, 1836, (LC)
  • Oskestrupesporv, Emberiza goslingi, Gosling's Bunting, Alexander, 1906, (LC)
  • Husspurv, Emberiza sahari, House Bunting, Levaillant, J, 1850, (LC)
  • Ravinesporv, Emberiza striolata, Striolated Bunting, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Skifersporv, Emberiza siemsseni, Slaty Bunting, Martens, 1906, (LC)
  • Gulstrupesporv, Emberiza elegans, Yellow-throated Bunting, Temminck, 1836, (LC)
  • Myrsporv, Emberiza yessoensis, Ochre-rumped Bunting, Swinhoe, 1874, (NT)
  • Krattsporv, Emberiza pallasi, Pallas's Bunting, Cabanis, 1851, (LC)
  • Sivsporv, Emberiza schoeniclus, Reed Bunting, Linné, 1758, (LC)
  • Sibirsporv, Emberiza aureola, Yellow-breasted Bunting, Pallas, 1773, (CR)
  • Dvergsporv, Emberiza pusilla, Little Bunting, Pallas, 1776, (LC)
  • Viersporv, Emberiza rustica, Rustic Bunting, Pallas, 1776, (VU)
  • Svovelsporv, Emberiza sulphurata, Yellow Bunting, Temminck & Schlegel, 1848, (VU)
  • Gråhovudsporv, Emberiza spodocephala, Black-faced Bunting, Pallas, 1776, (LC)
  • Kastanjesporv, Emberiza rutila, Chestnut Bunting, Pallas, 1776, (LC)
  • Gulbrynsporv, Emberiza chrysophrys, Yellow-browed Bunting, Pallas, 1776, (LC)
  • Amursporv, Emberiza tristrami, Tristram's Bunting, Swinhoe, 1870, (LC)
  • Sotsporv, Emberiza variabilis, Gray Bunting, Temminck, 1836, (LC)

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg hekkar:

Sibirsporv Emberiza aureola, brunhovudsporv Emberiza bruniceps og svarthovudsporv Emberiza melanocephala er sjeldne gjestar. Kornsporv Milaria calandra hekka på Jæren og Lista i siste halvdel av 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Byers, Clive; Olsson, Urban; Curson, Jon (30. september 2010). Buntings and Sparrows. A&C Black. ISBN 978-1-4081-3502-0. 
Notar
  1. Ny familie Passerellidae samlar alle tidlegare busksporvar i «den nye verda» og let att 3 slekter i Emberizidae. Sjå Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, pages 649-650, 664, 676-687, Passerellidae (New World Buntings and Sparrows), Cornell Lab of Ornithology
  2. Oppslag i HBW Alive, oktober 2017, syner at HBW Alive godkjenner toppsporv og skifersporv som Emberiza-artar. I det tilfellet utgjer Emberiza heile busksporvfamilien i «den gamle verda», Emberizidae
Referansar
  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Emberiza