Kornsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornsporv
Emberiza calandra
Emberiza calandra
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EX Forsvunnen
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Emberiza
Art: Kornsporv E. calandra
Vitskapleg namn
Emberiza calandra

Kornsporv (Emberiza calandra) er ein 19 cm lang fugl i busksporvfamilien. Kornsporv er ein brunleg, tjukkvoren fugl kjenneteikna av at han flyg med føtene hengjande ned. Ein ser han ofte sitjande på ein stolpe eller ei line.[1]

Kornsporv lever hovudsakleg som standfugl, men fuglar i kalde strøk kan trekka til varmare område om vinteren. Kornsporv finst frå Kanariøyane i vest og til Iran og Irak i Asia, med bestandar i store delar av Europa og Nord-Afrika. Tap av habitat har ført til kraftig tilbakegang i Nordvest-Europa, og han er no rekna som utrydda i Irland og Noreg.[2][3]

Songen til ein kornsporvhann.
Emberiza calandra

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Kornsporv held til i opent lende med tre, gjerne nær dyrka mark eller i opne ugrasområde. Intensivt jordbruk har ført til mindre tilgang på frø og insekt, og har gjeve arten tilbakegang fleire stader.[4] I Storbritannia arbeider ein aktivt for å stoppa nedgangen ved å oppmuntra bønder til å leggja betre til rette for kornsporv og andre gardsfuglar.[5]

Teikning av kornsporv.

På Irland var kornsporv tidlegare utbreidd, men siste hekking der blei påvist i 1992.[2] I Noreg har kornsporv hekka på Jæren i Rogaland og på Lista i Vest-Agder. På 1970-talet hadde ein dei siste teikna på hekking i Noreg, og arten er dermed blitt rekna som utrydda. På 2000-talet fekk ein påvist hekking på Jæren att, men ikkje av mange nok fuglar eller i nok samanhengande år til at ein kunne rekna arten som gjenetablert.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Corn bunting ved rspb.org
  2. 2,0 2,1 BIODIVERSITY THAT HAVE BECOME EXTINCT IN IRELAND, noticenature.ie, Department of the Environment, Heritage and Local Government (Ireland); Call for action for Irish birds, October 24, 2008, Surfbirds News
  3. 3,0 3,1 RE Emberiza calandra
  4. Corn buntings and cereal harvesting on the Uists ved rspb.org.uk; Corn Bunting Solution Testing ved rspb.org.uk
  5. Corn bunting BAP report ved rspb.org.uk; Farming for birds ved naturalengland.org.uk
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.