Gulsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulsporv
Gulsporvhann
Gulsporvhann
Gulsporvhoe
Gulsporvhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Gulsporv
Utbreiinga av Gulsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Emberiza
Art: Gulsporv E. citrinella
Vitskapleg namn
Emberiza citrinella

Gulsporv (Emberiza citrinella) er ein stor sporv med lang stjert i familien busksporvar.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Gulsporven hekkar i Europa og i det vestlege og sentrale Asia. Aust i utbreiingsområdet og i det vestlege og midtre Sibir hybridiserer den ofte med Emberiza leucocephalos som har sin vestlege utbreiingsgrense i desse områda. På grunn av dette vert dei to artane iblant rekna som to underartar av ein enkelt art.

Ein deler gjerne gulsporven i tre underartar:

  • Emberiza citrinella citrinella - nominatforma hekkar i det søraustre England, Skandinavia, og elles i det nordlege, vestlege og sørvestlege Europa, og så langt aust som til Ob.
  • Emberiza citrinella caliginosa - hekkar i Storbritannia og Irland.
  • Emberiza citrinella erythrogenys - hekkar i det austlege og søraustlege Europa, og vidare austover gjennom Sibir til det nordvestre Mongolia og sør til det nordlege Iran.

Gulsporvane som lever i nord er trekkfuglar medan dei som lever i sør er standfuglar.

Arten har også vorte introdusert på New Zealand

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Gulsporven er 17-18 cm lang og har eit vengespenn på 23-30 cm. Vekta er litt under 30 gram. Hannen er gul på hovudet, med mørkare flekkar og strekar på halsen og brystet. Buken er einsfarga gul. Ryggen og skuldrene er gråaktig raudbrune med svarte flekkar. Hoa er noko mindre fargerik i drakta.

Forvekslingsart er hannen hos grønsisiken.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Songen er samansett av nokre korte strofer. Det er vanleg å seie at fuglen tel til sju, på denne måten: tju, tju , tju, tju, tju, tju, tjuuu. Talet på strofer kan variere frå fem til elleve.

Biotop, leveområde i Noreg og trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Gulsporven er vanleg i jordbrukslandskapet i Sør-Noreg, spesielt på Austlandet og i Trøndelag. Meir varierande bestandar på Vestlandet. I Nord-Noreg er der bra bestandar i dei beste jordbruksområda i dalføra og dei indre fjordstroka. I Finnmark er fuglen fåtalig. I 2015 var bestanden trudd å vere 200 000-400 000 individ i Noreg.[2] Fuglen held til både i beitemarker og fulldyrka marker, og vil gjerne ha litt busker der han held seg. Arten er sårbar for endringar i jordbruket, og gjekk kraftig attende mange stader i tida etter 1945. Andre stader har hatt oppgang i bestanden, men på landsbasis har utviklinga helst vore negativ. I Sør-Noreg er gulsporven dels standfugl, dels streiffugl. I Nord-Noreg er mykje av bestanden trekkfuglar, og overvintrar både i Sør-Noreg og i landa i Vest-Europa.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hoa bygger eit reir av gras og anna materiale og plasserer det godt gøymd på marka, ein sjeldan gong i låge busker. Ho legg 4-5 egg i kullet. Desse vert ruga i 13 døgn, for det meste av hoa. Begge foreldra matar ungane, som er flygedyktige etter 15-16 døgn.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Gulsporven lever av insekt og frø.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark gulsporv Emberiza citrinella Linnaeus, 1758 Henta 4. desember 2010
  2. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av gulspurv Emberiza citrinella for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 4. desember 2021

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Opheim, 1994, Artsomtale: Emberiza citrinella – gulspurv, S. 496 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 4. desember 2021
  • Lars Larsson, Birds of the World, 2001, CD-rom

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulsporv