Carl Frederik Ferdinand Stanley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Frederik Ferdinand Stanley
Statsborgarskap Danmark, Noreg
Fødd 1. november 1769
København
Død

8. november 1805 (36 år)
Roma

Yrke arkitekt
Far Carl Frederik Stanley
Carl Frederik Ferdinand Stanley på Commons
Den gamle stortingssalen i Katedralskolen
Eidsvollsbygningen rundt 1848 av Joachim Frich
Hagen i Store Ullevål gård med C.F.F. Stanleys tempel måla av Carl Frederik Vogt. Tilhøyrer Oslo museum.

Carl Frederik Ferdinand Stanley (fødd 1. november 1769 i København, død 8. november 1805 i Roma) var ein dansk arkitekt, son av bilethoggaren Carl Frederik Stanley.[1] Delar av virket hans fann stad i Noreg.

Stanley fekk utdanninga si ved Det Kongelige Danske Kunstakademi under C.F. Harsdorff og Peter Meyn. Samstundes studerte venen Bertel Thorvaldsen ved akademiet under faren Carl Frederik Stanley. Dei to studentane søkte reisestipend saman i 1796, men berre Thorvaldsen fekk.[2] Stanley tok difor imot ei stilling som «stadsbyggmester», byarkitekt som ein vil seie i dag, i Kristiania i Noreg. Han kom til landet i 1797.

Noko av det ein kjenne til at han utførte var eit prosjekt til Katedralskolen i Dronningens gate.[3] Mellom anna auditoriet vart bygd om etter planane til Stanley, om enn i noko enklare utgåve. Auditoriet vart nytta av Stortinget når det var samla frå 1814 til 1854.

Geir Thomas Risåsen skriv i si bok om Carsten Anker og Eidsvollsbygningen på side 116:[4]

«Eidsvollsbygningens arkitekt har vært et åpent spørsmål gjennom hele 1900-tallet. Alt tyder imidlertid på at Anker benyttet den unge danske arkitekten Carl (Charles) Frederik Stanley.»

Bevis har ein ikkje, men Risåsen nemner at mange av forslaga til ombygginga av Katedralskolen og teikningana til Eidsvollsbygningen har store likhetstrekk. Dei syner og at prosjekta var laga av ein arkitekt med bakgrunn frå det danske kunstakademiet og på denne tida var Stanley den einaste med slik kunnskap tilstades i Noreg.[5]

Stanley hadde og utført gravmonumentet over Bernt Anker si kone Mathia. Det stod i fleire år ved Paléet, men er no i Frognerparken.

Eit anna oppdrag hadde han for John Collett på Store Ullevål gård i Kristiania. Han teikna eit klassisk tempel som blei oppført i hagen. Tempelet er avbilda på eit måleri av Carl Frederik Vogt.

I 1800 reiste Stanley att til Danmark og fekk stipend slik at han kunne dra på studiereise. Han døydde i Roma hos Thorvaldsen.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Carl Frederik Ferdinand StanleyKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. Geir Thomas Risåsen side 117
  3. Geir Thomas Risåsen side 118
  4. Geir Thomas Risåsen side 116
  5. 5,0 5,1 Geir Thomas Risåsen side 120

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Geir Thomas Risåsen: Eidsvollsbygningen : Carsten Anker og Grunnlovens hus, Damm forlag 2005, ISBN 82-04-09489-2