Carl Radle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Radle
Fødd18. juni 1942(1942-06-18)
FødestadTulsa, Oklahoma
Død30. mai 1980 (37 år)
OpphavUSA
Aktiv1965-1980
SjangerBluesrock, rock and roll, folkrock
Instrument
Tilknytte artistarColours, Gary Lewis & the Playboys, Delaney and Bonnie and Friends, Derek and the Dominos, Eric Clapton
PlateselskapDot/Polydor/Atco
Verka somMusikar, plateprodusent

Carl Dean Radle (18. juni 194230. mai 1980)[1] var ein USA-amerikansk bassist som har spelt og turnert med mange kjende artistar frå seint i 1960-åra og i 1970-åra. Han vart posthumt innlemma i Oklahoma Music Hall of Fame i 2006.[1]

Radle var mest kjend for det lange samarbeidet med Eric Clapton, som byrja i 1969 med Delaney and Bonnie and Friends og fortsette i 1970 med Derek and the Dominos. I 1970 vart Radle med på Joe Cocker sin Mad Dogs and Englishmen-turné. Han spelte på alle soloprosjekta til Clapton frå 1970 til 1979 og var med på turneane hans.

Radle spelte òg inn musikk med Dave Mason, J.J. Cale, George Harrison, Joe Cocker, Leon Russell og Buddy Guy, blant fleire. Han er å sjå i Martin Scorsese-filmen The Last Waltz frå 1978, som dokumenterer den siste konserten til The Band i 1976.

Radle døydde i mai 1980 av ein nyreinfeksjon han fekk som følgje av langvarig misbruk av alkohol og dop. Han vart 37 år gammal.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Derek and the Dominos[endre | endre wikiteksten]

Med Eric Clapton[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Carl Radle Legendary Bass Guitarist». Official Website. 2005. Henta 16. september 2018. 
  2. «Carl Radle Memorial – Tribute to Legendary Bass Guitarist for Eric Clapton, Joe Cocker, George Harrison and Others». Carlradle.com. Henta 16. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]