The Last Waltz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Last Waltz
Filmmusikk av The Band
Innspelt 25. november 1976
Winterland Arena, San Francisco, California
Sjanger Rock
Lengd 129:06
Selskap Warner Bros.
Produsent Robbie Robertson
Kritikk
The Band-kronologi
Anthology
(1978)
The Last Waltz To Kingdom Come
(1989)


The Band (ikkje i biletet: Richard Manuel) med Bob Dylan, Ringo Starr, Ronnie Hawkins, Dr. John, Neil Young, Joni Mitchell, Van Morrison og Neil Diamond under konserten 25. november 1976

The Last Waltz er avskjedskonserten til The Band, filma av Martin Scorsese og gjeven ut som ein konsertfilm og album.

The Band, som bestod av Levon Helmtrommer, mandolin og vokal, Rick Dankobass og vokal, Garth Hudsonorgel, Richard Manuelkeyboard, perkusjon og vokal og Robbie Robertsongitar og viktigaste komponist, hadde opptredd i 16 år då dei avgjorde å avslutte samarbeidet med The Band.

Dei heldt den siste konserten sin på Winterland Ballroom i San Francisco og laga rockehistorie ved å samle nokre av dei aller fremste artistane og musikararane på den tida på ein og same konsert. Staden vart valt sidan det var det første staden gruppa hadde opptredd saman under namnet The Band. Konserten var ikkje berre ein avskjedskonsert, men òg ei feiring av dei sjølv og deira beste vener og inspirasjonskjelder.

Konserten vart halde på Thanksgiving, 25. november 1976 og publikum åt først kalkunmiddag og hadde «ballroomdans» før konserten. Bill Graham var konferansier.

Albumet[endre | endre wikiteksten]

Albumet er det trettande albumet til The Band og kom ut på Warner Bros. Records i 1978. Det nådde 16. plass på albumlista i USA. Albumet vart gjeven ut som eit trippelalbum

Av dei mange gjesteartistane finn ein Ronnie Hawkins og Bob Dylan, Van Morrison, Bobby Charles, Ringo Starr, Neil Young, Muddy Waters, Eric Clapton, Neil Diamond og Joni Mitchell.

Side ein til fem på albumet består av songar frå konserten, medan side seks består av «The Last Waltz Suite», nye songar skriven av Robertson og framført av the Band på ein MGM-scene. Emmylou Harris song på suiten, på ei ny utgåve av «The Weight», i tillegg til Roebuck og Mavis Staples.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Songar/GjesteartistLengd
1.«Theme from The Last Waltz»Robertson 3:28
2.«Up on Cripple Creek»RobertsonLevon Helm4:44
3.«Who Do You Love»McDanielRonnie Hawkins4:16
4.«Helpless»YoungNeil Young5:47
5.«Stage Fright»RobertsonRick Danko4:25

Side two[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Songar/GjesteartistLengd
1.«Coyote»MitchellJoni Mitchell5:50
2.«Dry Your Eyes»Diamond, RobertsonNeil Diamond3:57
3.«It Makes No Difference»RobertsonRick Danko6:48
4.«Such A Night»RebennackDr. John4:00

Side tre[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Songar/GjesteartistLengd
1.«The Night They Drove Old Dixie Down»RobertsonLevon Helm4:34
2.«Mystery Train»Parker, PhillipsPaul Butterfield, Levon Helm4:59
3.«Mannish Boy»London, McDaniel, MorgelfieldMuddy Waters6:54
4.«Further On Up the Road»Robey, VeaseyEric Clapton5:08

Side fire[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Songar/GjesteartistLengd
1.«The Shape I'm In»RobertsonRichard Manuel4:06
2.«Down South in New Orleans»J. Wright, J. AnglinBobby Charles, Dr. John3:06
3.«Ophelia»RobertsonLevon Helm3:53
4.«Tura Lura Lural (That's An Irish Lullaby)»ShannonVan Morrison, Richard Manuel4:15
5.«Caravan»MorrisonVan Morrison6:02

Side fem[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Songar/GjesteartistLengd
1.«Life Is a Carnival»Danko, Helm, RobertsonLevon Helm, Rick Danko4:32
2.«Baby, Let Me Follow You Down»Davis, von SchmidtBob Dylan3:00
3.«I Don't Believe You»DylanBob Dylan3:23
4.«Forever Young»DylanBob Dylan4:42
5.«Baby, Let Me Follow You Down (reprise)»Davis, von SchmidtBob Dylan2:46
6.«I Shall Be Released»DylanBob Dylan, Richard Manuel6:22

Side seks[endre | endre wikiteksten]

The Last Waltz Suite skriven av Robbie Robertson

Nr.TittelSongar/GjesteartistLengd
1.«The Well»Richard Manuel3:27
2.«Evangeline»Rick Danko, Emmylou Harris, Levon Helm3:17
3.«Out of the Blue»Robbie Robertson3:03
4.«The Weight»Levon Helm, Mavis Staples, Pops Staples, Rick Danko4:38
5.«The Last Waltz Refrain»Richard Manuel1:28
6.«Theme from The Last Waltz» 3:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Blåserekkje[endre | endre wikiteksten]

Gjesteartistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]