Charles Messier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Messier
Charles Messier.jpg
Charles Messier
Fødd 26. juni 1730(1730-06-26)
Badonviller i Frankrike
Død 12. april 1817 (86 år)
Paris i Frankrike
Nasjonalitet fransk
Område Astronomi
Yrke astronom
Kjend for Messierkatalogen
Medlem Royal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Charles Messier (26. juni 173012. april 1817) var ein fransk astronom, mest kjend for å publisere ein astronomisk katalog som bestod av stjernetåker og stjernehopar og vart kjend som dei 110 «Messier-objekta». Føremålet med denne kataologen var å hjelpe astronomiske observatørar, særleg kometoppdagarar som han sjølv, for å skilje mellom permanente og flyttande, diffuse lekamar på himmelen.

Messier var astronom ved Marineobservatoriet i Paris. Han var særskild interessert i studiet av kometane og oppdaget sjølv 21. Ludvig XV kalla han spøkefullt for le furet des comètes («kometsporhunden»). Under arbeidet sitt med kometene laga han ein katalog over 113 stjernehoper og tåker som kunne forvekslast med kometer (1781). Mange av desse objekta har framleis nummer frå denne katalogen, Messierkatalogen, til dømes Messier 1 (M 1), som er Krabbetåka i Tyren.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Grava til Messier i Père Lachaise, seksjon 11.

Krateret Messiermånen og asteroiden 7359 Messier er kalla opp etter han.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schmadel, Lutz D.; International Astronomical Union (2003). Dictionary of minor planet namns. Berlin; New York: Springer-Verlag. s. 592–593. ISBN 978-3-540-00238-3. Henta 9 September 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]