Tyren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyren
Tyren
Latinsk namn Taurus
Forkorting Tau
Genitivsform Tauri
Symbologi Frå grekarane
Rektasensjon 4 h
Deklinasjon 15°
Areal 797 kvadratgrader
nr. 17 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne Aldebaran (α Tau) (0,9. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −65°

Tyren eller Tjoren (frå latin Taurus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Han ligg mellom Vêren i vest og Tvillingane i aust, medan Persevs og Kusken ligg nord, Floda og Kvalfisken sørvest, og Orion søraust for biletet.

Tyren er eit stort og markant stjernebilete på den nordlege himmelhalvkula om vinteren og er eit av dei eldste stjernebileta, datert attende til minst tidleg bronsealder, då det var plasseringa til sola under vårjamdøgn.

Tyren har fleire interessante objekt for astronomar. Tyren har dei to nærmaste opne hopane, Pleiadane og Hyadane, som begge er synlege for det nakne auga. Med første storleiksklasse er den raude kjempa Aldebaran den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Nordvest i Tyren ligg supernovaresten Messier 1, eller Krabbetåka. Eit av dei næraste områda for aktiv stjernedanning, Tyren-Kusken-komplekset, kryssar den nordlege delen av stjernebiletet. Den variable stjerna T Tauri er prototypen for ein klasse før-hovudseriestjerner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tyren

Koordinatar: Sky map 04h 00m 00s, +15° 00′ 00″