Charles Pitts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles Pitts
Skip Pitts.jpg
Pitts utafor Stax Records, 2011
Alias Skip Pitts
Fødd 7. april 1947(1947-04-07)
Washington, D.C. i USA
Død

1. mai 2012 (65 år)
Memphis i Tennessee, U.S.

Instrument

Gitar

Sjanger Soul, R&B, funk, blues
Aktive år 1964–2012
Yrke Musikar
Tilknytte artistar
Plateselskap Stax Records

Charles «Skip» Pitts (7. april 19471. mai 2012) var ein USA-amerikansk soul- og bluesgitarist. Han er mest kjend for den markante «wah-wah»-stilen han brukte, som særleg er kjend på Isaac Hayes-songen frå filmen Shaft i 1971. Han vert rekna som ein av arkitektane innan soul-, R&B- og funkgitar.[1]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Pitts lærte seg å spele gitar då han var 11 år gammal og spelte på gatehjørne i barndomsbyen Washington D.C.. Han fekk ofte tips frå naboen sin, Bo Diddley. Onkelen til Pitts eigde eit hotell ved sidan av Howard Theater, der han vart introdusert for soul- og R&B-musikarar som James Brown og Otis Redding.

17 år gammal spelte Pitts på Gene Chandler sin «Rainbow '65,» som vart den første av fleire hitplater han spelte på. Pitts vart snart gitarist og bandleiar for Wilson Pickett's Midnight Movers, og akkompagnerte Pickett og Sam & Dave.

I 1969 vart Pitts med i Isley Brothers, og skapte signaturriffet for hitten deira «It's Your Thing».

Isaac Hayes (1971-2008)[endre | endre wikiteksten]

I 1970 flytta Pitts til Memphis i Tennessee der han spelte i bandet til Isaac Hayes. Eit år seinare skapte Pitts den kjende wah-wah-gitarintroen til «Theme from Shaft», ein song Hayes vann Oscarprisen for.

Pitts arbeidde med Hayes i over tre tiår, og spelte på mange av albuma til Hayes og filmmusikken hans. Ein kan sjå han på scenen med Hayes i dokumentarfilmen Wattstax (1973) og i blaxploitation-filmen Truck Turner (1974). I 1990- og 2000-åra samarbeidde Pitts med Hayes på John Singleton si nye utgåve av Shaft i tillegg til musikken til animasjonsserien South Park, som han fekk gullplate for.

Pitts vart verande gitarist og bandleiar for Hayes fram til Hayes døydde i august 2008.[2]

Stax[endre | endre wikiteksten]

Då Pitts ikkje arbeidde med Hayes, var han studiomusikar for Stax Records. Han spelte på hittar av Rufus Thomas («The Breakdown»), The Temprees («This is Dedicated to the One I Love»), The Soul Children og Albert King.

I nyare tid vart gitaren til Pitts introdusert for ein ny generasjon då hip-hop-miljøet byrja å sample klassiske Stax-innspelingar. Gitarriffa hans er blitt sampla av artistar som Dr. Dre med Snoop Dogg, Beastie Boys, Massive Attack, Eazy-E og DJ Shadow med Cut Chemist.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 1998 vart Pitts med å starte The Bo-Keys, eit soul/jazz-band skipa av produsenten Scott Bomar som ein hyllest til den rike musikktradisjonen i Memphis.

Pitts spelte òg med Elmo and the Shades frå tidleg i 1990-åra.

Pitts spelte på Al Green-albumet I Can't Stop, som var produsert av Willie Mitchell, i tillegg til Cyndi Lauper-albumet Memphis Blues. Begge desse var nominerte til Grammyprisen.

Død[endre | endre wikiteksten]

Pitts døydde av kreft i Memphis i Tennessee den 1. mai 2012, 65 år gammal.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]