Chia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chia
Chiaplanten frå Costa Rica.
Chiaplanten frå Costa Rica.
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Nepetoideae
Stamme: Mentheae
Slekt: Salvia
Art: Chia S. hispanica
Vitskapleg namn
Salvia hispanica

Chia (Salvia hispanica) er ein blomsterplante i leppeblomfamilien. Planten finst i Mexico, Guatemala, Paraguay, Argentina, Peru og Bolivia.[1]

Det finst tekstar i Mendoza-kodeksen frå 1500-talet som indikerer at planten vart dyrka av aztekarar i førkolumbisk tid, og økonomiske historikarar har foreslått at han var like viktig som mais som grøde.[2] Chia er framleis brukt mange stader i Sør-Amerika der kjernane tidvis blir malne, andre gonger bruker ein alt i næringsrike drykker eller som matkjelde.[3]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «chia» er avleidd frå nahuatl (aztekisk) i tydinga «oljeaktig», som i vegetabilsk olje.[4] Dagens meksikanske delstat Chiapas har namnet sitt frå nahuatl «chiavatn» eller «chiaelv». Den er den eine av to plantar som er kjende som chia. Den andre var Salvia columbariae, folkeleg kjend som «gullchia» eller «ørkenchia».

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Salvia hispanica L.» (på engelsk). Germplasm Resources Information Network (United States Department of Agriculture). 19. april 2000
  2. Cahill, Joseph P. (2003): «Ethnobotany of Chia, Salvia hispanica L. (Lamiaceae)» i: Economic Botany 57 (4), s. 604–618. doi:10.1663/0013-0001(2003)057[0604:EOCSHL2.0.CO;2].
  3. Kintzios, Spiridon E. (2000): Sage: The Genus Salvia. CRC Press. ISBN 9789058230058, s. 17.
  4. «The Plant List: A Working List of All Plant Species», Theplantlist.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]