Chris Lord-Alge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Chris Lord-Alge er ein amerikansk lydteknikar og plateprodusent. Han er bror til Tom Lord-Alge, ein annan lydteknikar. Chris Lord-Alge er kjend for bruken av dynamisk rekkjevidd-kompresjon med både maskinvare og programvare.[1] Han er òg kjend for samarbeidet med Howard Benson, som har produsert mange av albuma som Lord-Alge har miksa.

Chris Lord-Alge vart kjend då han arbeidde ved Unique Recording Studios i New York City i 1980-åra og miksa James Brown-albumet Gravity med hitten «Living in America», Rocky IV-musikkne, Prince-musikken til Batman soundtrack, Joe Cocker-albumet Unchain My Heart, Chaka Khan sitt Destiny, Carly Simon sitt Coming Around Again, Tina Turner sitt Foreign Affair og 12"-miksar av Madonna sin «La Isla Bonita», Rolling Stones sin «Too Much Blood» og Bruce Springsteen sine «Dancing in the Dark», «Cover Me» og «Born in the U.S.A.».

Utvald produksjonsdiskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Secrets of the Mix Engineers: Chris Lord-Alge». Soundonsound.com. Mai 2007. Henta 16. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]