Hopp til innhald

Christian Heinrich Friedrich Peters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Heinrich Friedrich Peters

Fødd19. september 1813
Koldenbüttel
Død18. juli 1890
Clinton
NasjonalitetKongeriket Danmark, Kongedømet Preussen, USA
Områdeastronomi
Yrkeastronom, universitetslærar, fysikar
InstitusjonarLitchfield-observatoriet
Alma materHumboldt-Universität zu Berlin
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences
American Philosophical Society

Christian Heinrich Friedrich Peters (19. september 181318. juli 1890) var ein tysk-amerikansk astronom og ein tidleg asteroideoppdagar.

Christian vart fødd i Schleswig-Holstein, då del av Danmark, men seinare del av Tyskland, og studerte seinare under Carl Friedrich Gauss.

Han arbeidde ved Hamilton College i Clinton i New York og var ein driven asteroideoppdagar som i alt oppdaga 48. Den første asteroideoppdaginga hans var av 72 Feronia i 1861 medan den siste var av 287 Nephthys i 1889.

Bortsett frå asteroidar, oppdaga han òg den periodiske kometen 80P/Peters-Hartley og diverse stjernetåker og galaksar.

Dei 48 asteroidane Christian Heinrich Friedrich Peters oppdaga
72 Feronia29. mai 1861
75 Eurydike22. september 1862
77 Frigga12. november 1862
85 Io19. september 1865
88 Thisbe15. juni 1866
92 Undina7. juli 1867
98 Ianthe18. april 1868
102 Miriam22. august 1868
109 Felicitas9. oktober 1869
111 Ate14. august 1870
112 Iphigenia19. september 1870
114 Kassandra23. juli 1871
116 Sirona8. september 1871
122 Gerda31. juli 1872
123 Brunhild31. juli 1872
124 Alkeste23. august 1872
129 Antigone5. februar 1873
130 Elektra17. februar 1873
131 Vala24. mai 1873
135 Hertha18. februar 1874
144 Vibilia3. juni 1875
145 Adeona3. juni 1875
160 Una20. februar 1876
165 Loreley9. august 1876
166 Rhodope15. august 1876
167 Urda28. august 1876
176 Iduna14. oktober 1877
185 Eunike1. mars 1878
188 Menippe18. juni 1878
189 Phthia9. september 1878
190 Ismene22. september 1878
191 Kolga30. september 1878
194 Prokne21. mars 1879
196 Philomela14. mai 1879
199 Byblis9. juli 1879
200 Dynamene27. juli 1879
202 Chryseïs11. september 1879
203 Pompeja25. september 1879
206 Hersilia13. oktober 1879
209 Dido22. oktober 1879
213 Lilaea16. februar 1880
234 Barbara12. august 1883
249 Ilse6. august 1885
259 Aletheia28. juni 1886
261 Prymno31. oktober 1886
264 Libussa22. desember 1886
270 Anahita8. oktober 1887
287 Nephthys25. august 1889