Christian Jürgensen Thomsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Jürgensen Thomsen
Christian Jürgensen Thomsen.jpg
Fødd29. desember 1788
København
Død21. mai 1865
København
NasjonalitetDanmark
Områdearkeologi
Yrkeantropolog, arkeolog, forhistoriker
InstitusjonarNationalmuseet i København
MedlemDet russiske vitskapsakademiet
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Det kongelige danske Selskab for Fædrelandets Historie

Christian Jürgensen Thomsen , (fødd 29. desember 1788 i København, død 21. mai 1865 same stad) var ein dansk samlar, antikvar, museumsmann og forhistorikar.

Thomsen formulerte oppdelinga av forhistorias kulturar i eit treperiodesystem med steinalder, bronsealder og jernalder. Denne oppdelinga vart grunnleggjande for arkeologisk forsking i heile Europa.

I ungdommen studerte Thomsen i Paris. Vel heime i Danmark fekk han i oppgåve å ordna ei lokal samling med romerske og eldre skandinaviske myntar. Dei stilmessige endringane og tydinga deira kan ha sett Thomsen på tanken bak den relative dateringen av artefaktar, dvs. å plassera dem i ordensrekkjefølgje etter stilmessige kriterium. Denne innsikta kom til å få tyding då Thomsen den 11. desember 1816 avløyste Rasmus Nyerup som sekretær for Oldsagskommissionen. Her arbeidde han med å organisera samlingane til kommisjonen, noko som resulterte at Det Kgl. Museum for Nordiske Oldsager vart opna for ålmenta i 1819.

Thomsens ide var at forhistoria måtte ordnast i tre kronologiske periodar, først steinalderen, dinest bronsealderen, og så jernalderen. Dette var revolusjonerande og danna basis for all vidare arkeologisk forsking. Samlingane til museet vart ordna etter det nye systemet hans. Det kom til å inngå i Det danske Nationalmuseet i 1892.

I bokform publiserte Thomsen forskingsarbeidet sitt i 1836 i verket Ledetraad til Nordisk Oldkyndighed, som kom ut på tysk i 1837 og engelsk i 1848. Tanken bak treperiodesystemet vart spreidd over Europa. I 1832 vart Thomsen inspektør på Myntkabinettet i København saman med Ole Devegge og med P.O. Brøndsted som direktør. Etter at Brøndsted døydde i 1842 vart Thomsen direktør for Myntkabinettet.

Thomsen skaffa seg ei enorm myntsamling – ca. 27 000 eksemplar. Myntkabinettet fekk testamentert 114 danske eksemplar då Thomsen døydde. Resten vart auksjonert bort.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]