Christian Malcolm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Malcolm

Christian Malcolm (fødd 3. juni 1979) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Cardiff. Han vann i 2010 EM-sølv på spesialdistansen 200 meter og var i 2005 og 2007 med om å vinne VM-bronse i 4 x 100 meter stafett for Storbritannia.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Walisaren Malcolm vart med tida 20,29 sekund nummer 2 på 200 m under Samveldeleikane 1998 i Kuala Lumpur. Våren 2000 vann Malcolm same distansen på 20,54 ved hall-EM i Gent. Eit halv år seinare vart han femtemann i 200-meterfinalen under OL i Sydney på tida 20,23, 0,03 sekund unna bronsemedalje.

Malcolm var i sitt livs form då verdsmeisterskapen 2001 vart avvikla i Edmonton. På 100 meter gjorde han personbeste med 10,11 sekund. I semifinalen på 200 meter vann han sitt heat og sette personlege rekord på sterke 20,08 sekund. Like fort gjekk det ikkje i finalen på distansen, 20,22 heldt til femteplass.

År 2002 enda Malcolm på fjerdeplass på 200 meter ved europameisterskapen i München, 0,06 sekund unna bronsemedalje. I den same meisterskapen fekk han gull i 4 x 100 m stafett, ein medalje som fleire år etterpå vart annullert då ankermannen Dwain Chambers viste seg å ha vore dopa. Av same grunn gjekk også stafett-sølvmedaljen frå VM 2003 fløyten, laget i Paris-VM var det same som i München.

Malcolm vann stafett-bronse i lag med Jason Gardener, Marlon Devonish og Mark Lewis-Francis under VM 2005. Også i VM 2007 i Osaka sikra han seg stafett-bronse, då saman med Craig Pickering, Devonish og Lewis-Francis. Med tida 37,90 sekund rauk sølvplassen med ein hundredels sekund.

I Sommar-OL 2008 vart Malcolm nummer fem på 200 meter. Under EM 2010 i Barcelona presterte han årsbeste med 20,38 sekund i finalen, og kom i mål fattige 0,01 sekund etter gullvinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]