Christian Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Meyer
Meyer Christian.jpg
Fødd 22. oktober 1977
Orkdal
Yrke skihoppar

Christian Meyer (fødd 22. oktober 1977) er ein norsk, tidlegare skihoppar og seinare trenar. Han er fødd i Orkdal, tevla for Selbu Idrettslag og treningsgruppa Trønderhopp. Meyer vann NM-sølv i normal bakke i 1999, Morten Ågheim vart noregsmeister.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Meyer debuterte i verdscupen sesongen 1996/97 med ein 28. og ein 30. plass i de to renna han fekk delta i den sesongen. I sesongen 1998/99 deltok han i 22 verdscuprenn. Hans beste individuelle plassering var ein 6. plass i Zakopane 16. januar 1999, og han enda den sesongen på 31. plass i verdscupen med 168 poeng. Åra 2002-04 deltok Meyer i kontinentalcupen i skihopping, men utan å oppnå topplasseringar.

Besteplassering i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: Nr 6 i Zakopane

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Han la opp i 2004.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Meyer har vore trenar i Trønderhopp. Han overtok i 2011 som hovudtrenar for det norske kvinnelandslaget.[1]

Kjelder og fotnotar[endre | endre wikiteksten]