Christian Plaziat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Plaziat
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 28. oktober 1963 (60 år)
Lyon
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 1996, Friidrett under Sommar-OL 1992, Friidrett under Sommar-OL 1988

Christian Plaziat (fødd 28. oktober 1963) er ein fransk tidlegare mangekjempar frå Lyon som vart europameister i tikamp i 1990. Elles sigra han i sjukamp i tre hallmeisterskap; EM 1992, EM 1994 og VM 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Plaziat vart fjerdemann i tikampen då VM 1987 fann stad i Stuttgart, med 8 307 poeng kom han 68 poeng under bronseplassen. Året etter vart han nummer fem i øvinga under Sommar-OL i Seoul, 8 272 poeng var 56 poeng for lite til å kome likt med bronsemedaljøren. Same hausten 1988 sanka han 8 512 poeng og sigra ved meistermøtet Décastar i Talence, ein prestasjon han gjentok med nøyaktig like mange poeng hausten etter. Tidlegare i 1989 vann han òg Götzis-stemnet med sine 8 485 poeng.

I europameisterskapen 1990 i Split gjorde Plaziat sitt liv beste tikampserie og plukka til saman 8 574 poeng,138 framom sølvvinnaren og fransk rekord til 2007. Der etter heldt han fram sigersrekka i Décastar med 8 525 poeng i 1990 og 8 456 poeng i 1991. Vinteren 1992 vann Plaziat sjukampen i hall-EM i Genova med 300 fleire poeng enn nummer to, og forsvarte i 1994 i Paris EM-tittelen med halvert sigersmargin. Sommaren 1994 kom han på fjerdeplassen ved EM i Helsinki, der landsmannen Alain Blondel syrgde for at den europeiske tikampmeisteren vart verande fransk. I mars 1995 vann Plaziat sjukamp-tevlinga ved hall-VM i Barcelona.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]