Christian Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Strand
Til bords med fienden - NMD 2013 (8723105666) (cropped).jpg
Fødd 2. mai 1980
Indonesia
Yrke skodespelar, filmskodespelar

Christian Strand (fødd 2. mai 1980 i Indonesia) er ein norsk skodespelar, journalist og programleiar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barndom og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Christian Strand blei adoptert tre månader gamal frå Indonesia av Arne Strand (politisk redaktør i Dagsavisen), og kona hans. Han har ingen sysken.

Allereie 12 år gamal starta han i NRK i 1992, som ein av programleiarane i barne- og ungdomsserien Midt i smørøyet.

Ved sida av ungdomsskulen på Siggerud og vidaregåande på Drømtorp i Ski jobba Strand som ekstrahjelp på butikkar. Han var også ein periode junior trainee-aksjemeklar hjå DNB Markets.

Etter fullført vidaregåande tok Strand utdanning ved Handelshøyskolen BI og Washington State University. Han har bachelorgrad i forretningar og administrasjon. Dessutan har han ex.phil. og ex.fac. juridikum frå Universitetet i Oslo. I Pullman i USA tok han også fag innan fjernsyn.

Jouranlist[endre | endre wikiteksten]

Han har hatt arbeid som journalist for Se og hør og Østlandets Blad.

Seinare har han arbeidd som intervjuar og reporter i NRK-program som Frokost-TV, Sommermorgen, Kvitt eller dobbelt og Migrapolis. Ein periode var han feltreporter i NRK P3 sitt radioprogram NRQ.

Talkshow-vert[endre | endre wikiteksten]

I januar 2008 debuterte han som talkshow-vert i talkshow-programmet I kveld som gjekk måndag til torsdag på NRK2 klokka 22:20. Sommaren 2008 var han med i sommarsatsinga til NRK, og frå 1. juli til 31. juli blei I kveld sendt på NRK1 med 300.000 sjåarar i gjennomsnitt, med ein topp på 412.000.[treng kjelde] I kveld heldt fram på NRK2 til 10. desember 2009. I løpet av dei to åra har programmet vorte vitja av over 1000 gjester. Mellom anna har Strand intervjua: milliardæren Bill Gates, nobelkonsertverten Michael Caine, wikipediagründeren Jimmy Wales, statsminister Jens Stoltenberg, FRP-leiar Siv Jensen, tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla og utanriksminister Jonas Gahr Støre. Programmet har hatt som profil å vera ein kombinasjon av unge og etablerte gjester, samt trekkja fram kvinner og minoritetar.[treng kjelde]

Skodespelar og musikar[endre | endre wikiteksten]

Strand hadde ei rolle i barneserien Lillys butikk frå 1993 til 1996. Frå 2000-2001 hadde han rolla som Knut Arne Olsen i den norske såpeserien Hotel Cæsar. Han spelte også pikkolo i 738 episodar av serien.[1] Han hadde også ei rolle i filmen Sebastians verden, som rollefiguren Moon.

Strand har vore aktiv innan musikk. Han hadde hausten 2000 ein hit med låta «Maybe Baby», som også var ein del av TV-serien Hotel Cæsar. Låta blei skriven av Kim Kolstad. Denne låta låg på fyrsteplassen på VG-lista jola 2001.

Idrettsmann[endre | endre wikiteksten]

Strand var i en rekkje år aktiv utøvar i sprint, og representerte friidrettsklubben SK Vidar. Hans personlege rekord på 100 meter er 11,28 sekund, frå juni 1998Bislett Stadion. Då representerte han Ski IL. På 200 meter hadde han 23,24 sekund, frå same staden to år seinare.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]