Christo og Jeanne-Claude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christo og Jeanne-Claude

Sjanger Land art
Born Cyril Christo
Christo og Jeanne-Claude på Commons

Christo Vladimirov Javacheff, bulgarsk Христо Владимиров Явашев, (fødd 13. juni 1935 i Gabrovo, død 31. mai 2020 i New York), og Jeanne-Claude Denat de Guillebon (fødd 13. juni 1935 i Casablanca, død 19. november 2009 i New York) var eit kunstnarektepar. Paret vart kjent for sine miljøkunstinstallasjonar, mellom anna for sitt arbeid på brua Pont Neuf i Paris i 1985, på forbundsdagen i Berlin 1995, og «The Gates» i Central Park i 2005.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jeanne-Claude vart fødd 13. juni 1935 i Casablanca i Marokko. Ho stamma frå ein familie av franske offiserer. Mannen hennar, Christo, vart fødd same dag i Bulgaria. Christo byrja si profesjonelle opplæring som flyvert før han vart kunstnar. I 1956 flykta han frå landet sitt på eit godstog, og etterlét seg det kommunistiske regimet og den sovjetiske realismen ved fakultetet for kunst i Sofia.[1] Han fór fyrst til Praha, og dinest til Wien og Genève.[2] Jeanne-Claude møtte Christo i 1958 i Paris, då han måla portrett av familien hennar.[3] Dei vart saman, og fekk eitt barn saman i mai 1960, og to år seinare vart Christo og Jeanne-Claude gift. I 1964 flytta familien til USA. Kort tid før dei fyrste møta hadde Christo eksperimentert med å pakka inn tomme målingspann med stoff og tau.[3] Noko som skulle verta hans hovudsaklege arbeidsform og det kunsteriske særmerket hans.

Frå 1994 nytta paret offisielt begge namna saman, med like rettar til verka deira. Sponsorar og bidrag fra offentlege middel vart nekta av begge kunstnarane, som finansierte kunsten sin utelukkande ved å selja skisser.

Jeanne-Claude døydde i 2009 av ein hjerneaneurisme. Christo døydde i New York den 31. mai 2020 av naturlege årsaker.[1][4]

«L'Arc de Triumphe, Wrapped»[endre | endre wikiteksten]

Før Christo døydde, i 2020, ba han teamet sitt om å fullføra prosjektet, som hadde vore paret sitt ynske, om å pakka inn Triumfbogen. Prosjektet stod klart året etter, og var synleg frå og med 18. september til 3. oktober 2021. Han var pakka inn med 25 000 kvadratmeter sylvblå resirkulert polypropylen festa med 3 000 meter langt raudt tau.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Carneiro, Raquel (1. juni 2020). «A obra de Christo, o artista plástico que ‘embrulhava’ construções». Veja. Henta 1. juni 2020. 
  2. «Artista Christo, conhecido por embrulhar exterior de construções, morre aos 84 anos». Terra. 01. juni 2020. Henta 01. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Christo and Jeanne-Claude», christojeanneclaude.net, henta 21. desember 2022 
  4. CNN.com. «Christo, who made monumental art around the world, has died at 84». Henta 31. mai 2020. 
  5. «Christo and Jeanne-Claude», christojeanneclaude.net, henta 21. desember 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Christo og Jeanne-Claude