Christoph Höhne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christoph Höhne
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 12. januar 1941
Borsdorf
Idrett friidrett
Yrke fotograf, friidrettsutøvar

Christoph Höhne (fødd 12. februar 1941) er ein tysk friidrettsutøvar frå Borsdorf i delstaten Sachsen som i 1968 vart olympisk meister i 50 km kappgang og like eins europameister 1969 og 1974 på same distansen. Han representerte Aust-Tyskland.

Höhne vart i Friidretts-EM 1962 fjerdemann og i Sommar-OL 1964 sjettemann i 50 km kappgang. Frå 1965 til 1970 vann han verdscuptevlinga over 50 km tre gongar i rad; Pescara 1965, Bad Saarow 1967 og Eschborn 1970. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen stod Höhne for ein legendarisk prestasjon då han vann 50-kilometeren med ein margin på over 10 minuttar til andremann i tevlinga. Året etter vart han europameister på 50 km i Aten, medan han i Helsinki-EM 1971 måtte sjå seg frågått av Venjamin Soldatenko frå Sovjetunionen. Höhne avslutta si tid som aktiv med å vinne sitt andre EM-gull på 50 km ved europameisterskapen 1974 i Roma.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]