Christopher Marlowe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher Marlowe

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 23. februar 1564
Canterbury
Død

30. mai 1593 (29 år)
Deptford

Yrke skodespelforfattar, lyrikar, omsetjar, skribent
Signatur
Christopher Marlowe på Commons

Christopher «Kit» Marlowe (døypt 26. februar 1564, død 30. mai 1593) var ein engelsk dramatikar, diktar og omsetjar frå elisabethansk tid. Han var den fremste elisabethanske tragedieforfattaren før William Shakespeare, og er kjend for dei ypperlege blankversa sine, dei intense hovudpersonane sine, og sitt eige utidige dødsfall.

Marlowe var den yngste av dei unge studentane, university wits, i London. Han hadde sju år med humanistiske studiar i Cambridge bak seg, men dei litterære gåvene hans var openberre. Han hadde slipt evnene sine med omsetjingar frå klassisk diktning. Allereie det fyrste dramaet hans, Tamburlaine den store, blei ein stor suksess, og det verker som om samtida forstod at noko nytt var kome til engelsk teater. Det er Tamburlaine sin veldige patos og lidenskapelege maktbegjær som er det eigentlege temaet i dramaet. Det dristige biletspråket og effektfulle augneblinkar gav dramaet nerve, og blankverset til Marlowe hadde ein fri og vekslande rytme som var innovativ. Marlowe staka ut ein ny kurs for engelsk drama som han på grunn av den tidlege døden sin ikkje blei meir enn byrjinga på, men han overlét scena til ein verdig følgjer i William Shakespeare, som sjølv anerkjente Marlowe sin innverknad og forvalta den store arven.[1]

Det blei gjeve ordre om å arrestera Marlowe den 18. mai 1593. Det blei ikkje gjeve nokon grunn, men ein går ut frå at det var samband med skuldingar om blasfemi — eit manuskript anteke skrive av Marlowe skal etter det som blir sagt ha innehalde «vile heretical conceipts». Han blei ført for det kongelege rådet for utspørrjng den 20. mai, og etter dette blei han beordra om å rapportera til dei dagleg. Ti dagar seinare blei han stukken i hel av Ingram Frizer. Om drapet hadde samband med arresten hans har aldri blitt påvist.[2]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Marlowe blei døypt i kyrkja St. Georges i Canterbury, som berre kyrkjetårnet står igjen av i dag.

Marlowe var son av ein skomakar i Canterbury, John Marlowe, og kona hans Catherine.[3] Den nøyaktige fødseldatoen hans er ukjend, men han blei døypt den 26. februar 1564, og det er sannsynleg at han var fødd nokre dagar tidlegare. Han var såleis berre to månader eldre enn den samtidige William Shakespeare, som blei døypt den 26. april 1564 i Stratford-upon-Avon.

Marlowe var elev ved The King's School i Canterbury og sidan student ved Corpus Christi College ved University of Cambridge. Han mottok graden Bachelor of Arts i 1584.[4] I 1587 nølte skulen med å gje han ein mastergrad på grunn av eit rykte om at han hadde konvertert til katolisismen og hadde tenkt å gå på det engelske colleget i Reims i Frankrike for å bli prest.

Han fekk likevel graden som planlagt etter at det kongelege rådet (Privy Council) blanda seg inn på vegner av Marlowe, og talte om hans «trufaste handlemåte» og «gode teneste» for dronninga.[5] Kva teneste dette innebar blei ikkje utdjupa av rådet, men brevet har ført til mange spekulasjonar, hovudsakleg teorien om at Marlowe fungerte som spion for Francis Walsingham sine såkalla hemmelege tenester.[6]

Litterær karriere[endre | endre wikiteksten]

Tittelsida til den tidlegaste publiserte teksten til Edvard den andre (1594)

Dido, dronning av Kartago var det fyrste dramaet til Marlowe. Det var kanskje skrive i samarbeid med Thomas Nashe. Det korte dramaet blei trykt for fyrste gong i 1594 av bokseljaren Thomas Woodcock, og tittelsida oppghev at det var skrive av Marlowe og Nashe, og at det vart spelt av skodespelartroppen Children of the Chapel, som opphavleg besod av guteskodespelarar. Desse slutta å ha faste framsyningar i 1584, men det verker som om dei hadde sporadiske framsyningar heilt fram til byrjinga av 1590-talet. Det er derfor usikkert kva tid Dido blei sett opp, men ein gong mellom 1587 og 1593 er det sannsynlege tidsrommet.[7]

Tamburlaine var det fyrste stykket av Marlowe som beviseleg blei sett opp på ein scene i London i 1587. Stykket er ein milepåle i tidleg engelsk drama ved å vera eit vendepunkt frå klossete språkføring og laus forteljargang hjå tidlegare engelske dramatikarar, og til eit friskt og levande språk og intelligent kompleksitet. Det er òg blant dei aller første engelske skodespela som nytta blankvers.[8] Saman med Thomas Kyd sitt drama Den spanske tragedie er Tamburlaine rekna som byrjinga på den modne fasen av elisabethansk teater. Tamburlaine var ein suksess, og blei raskt etterfølgt med Tamburlaine Del II.

Jøden fra Malta, som truleg blei skrive ein gong mellom 1589 og 1590, handlar om den barbariske hemnen til ein maltesisk jøde mot autoritetane i byen. Stykket har ein prolog avlevert av ein figur som representerer Niccolò Machiavelli. Handlinga omfattar religiøs konflikt, intrigar og hemn, fortalt mot eit bakteppe av den politiske maktkampen mellom Spania og Det osmanske riket.

Edvard den andre var eit stykke som opphavleg hadde den lange tittelen The Troublesome Reign and Lamentable Death of Edward the Second, King of England, with the Tragical Fall of Proud Mortimer, og blei fyrst sett opp i 1592 eller 1593. Handlinga tek for seg avsetjinga av kong Edvard II av England av baronane hans og dronninga, som er fortørna over innverknaden som favorittane til kongen hadde i hoffet og statsaffærane. Det er eit av dei tidlegaste historiske skodespela i England, og såleis ei nyvinning frå Marlowe. Historiske skodespel hadde inntil då vore krønikespel, og Shakespeare sitt Henrik VI er eit døme på den gamle typen der namnet til ein konge i tittelen ikkje var avgjerande for handlinga. Marlowe gav i staden ein historisk karakterstudie, denne gongen av ein svak og udugeleg konge, dels av dronninga hans som utviklar seg frå ei tolmodig hustru til ei hemngjerrig kvinne som tar fienden til mannen sin som sin elska.[9]

Massakren i Paris er eit kort og enklare skodespel som verker å ha blitt skrive av Marlowe. Grunnen til tvilen er at den einaste bevarte tekstkopien av stykket verker å vera ein rekonstruksjon frå minnet av den teksten som skodespelarane framførte, og stykket blei sett opp ti gongar i tida 21. juni til 27. september 1594.[10] Stykket fortel om Bartolomeusnatta, ein veldig massakre natta til 24. august 1572 då mellom 1000 og 2000 hugenottar i Paris blei drepne, og som engelsk publikum oppfatta som eit av dei aller mørkaste døma på katolsk forræderi. Saman med Den tragiske historie om doktor Faustus er Massakren i Paris rekna som Marlowe sitt farlegaste skodespel, sidan oppviglarar og agitatorar i London kasta seg på temaet i stykket for å fremja mord på flyktningar frå Nederlanda.[11][12]

Plakat i silketrykk frå 1936 og 1941 for ei oppsetjing av Doktor Faustus ved Maxine Elliott Theatre i New York.

Doktor Faustus, basert på den anonyme tyske boka Historia von D. Johann Fausten, var den fyrste dramatiserte versjonen av soga om Faust. Marlowe følgjer opplegget til den tyske fortellingen i korleis den lærde Faustus sel sjela si til djevelen i bytte mot kunnskap og eit liv i vellyst. Medan andre versjonar av denne djevelpakta kan sporast tilbake til 300-talet, skil Marlowe seg betydeleg frå desse ved å la tittelfiguren sin vera ute av stand til å brenna bøkene sine eller angra seg framfor ein barmhjertig Gud for å få kontrakten sin annullert mot slutten av stykket. Marlowe sin Faustus blir i staden sliten sund av demonar og blir dratt skrikande til helvete.

Skodespela til Marlowe hadde svært stor suksess, utan tvil takka vera det imponerande nærværet på scena til skodespelaren Edward Alleyn. Han var uvanleg høg for si tid, og dei staute rollene som Tamburlaine, Faustus og Barabas blei truleg skrivne spesielt for han. Marlowe sine skodespel var fundamentet i repertoaret til Alleyn sitt teaterselskap, Admiral's Men, gjennom heile 1590-talet.

Marlowe skreiv òg det mytologiske diktet Hero and Leander (utgitt med ei utviding av George Chapman i 1598), den populære og lyriske The Passionate Shepherd to His Love, og omsetjingar av Ovid si Amores og den fyrste boka av Lucanus sitt Pharsalia. To delar av Tamburlaine blei gjevne ut i 1590. Alle andre verk av Marlowe blei gjevne ut etter at han døydde. I 1599 blei omsetjingane hans av Ovid forbodne, og alle kopiar blei brunne offentleg som ein del av erkebiskop John Whitgift si forfølging i det som blei rekna som støytande skrifter.

Arrestasjon og død[endre | endre wikiteksten]

Marlowe blei gravlagd i ei umerka grav på kyrkjegarden til kyrkja St Nicholas i Deptford. Plaketten her er frå nyare tid.

Tidleg i mai 1593 blei det postert fleire løpesetlar i London som truga protestantiske flyktningar frå Frankrike og Nederlanda som hadde busett seg i byen. Ein av desse løpesetlane, «Nidskriftet om den hollandske kyrkja», skrive på blankvers, inneheldt fleire hentydingar til Marlowe-skodespel og var signert «Tamburlaine».[13] Den 11. mai gav det kongelege rådet ordre om å arrestera dei ansvarlege for desse nidskrifta. Dagen etter blei Marlowe sin kollega Thomas Kyd arrestert. Bustaden hans blei gjennomsøkt, og det blei funne eit fragment av ein kjettersk traktat. Kyd forsikra at denne hadde tilhøyrt Marlowe, som han hadde skrive saman med «i eit rom» rundt to år tidlegare.[14]

Det blei gjeve ordre om å arrestera Marlowe den 18. mai, og det kongelege rådet visste openbert at han då budde hjå Thomas Walsingham. Marlowe møtte pliktskyldig fram for rådet frå kongen den 20. mai og blei instruert om å møta dagleg fram til han fekk beskjed om noko anna. Onsdag den 30. mai blei Marlowe drepen.

Det blei lagt fram ulike forklaringar for døden til Marlowe dei neste åra. Francis Meres seier at Marlowe blei «stukken til døde av ein sjofel tenestemann, ein rival av han i utuktig kjærleik» som straff for hans «epikurisme (nytesjuke) og ateisme».[15] I 1917 skreiv Sidney Lee i Dictionary of National Biography at Marlowe blei drepen i eit fylleslagsmål, og dette er ei vanleg oppfatting.

Den offisielle forklaringa blei fyrst funnen att så seint som i 1925, då forskaren Leslie Hotson oppdaga rapporten til likskodemannen om undersøkinga av Marlowe sin død som blei halde to dagar etter drapet, fredag den 1. juni 1593.[16] Marlowe hadde vore heile dagen i eit hus i Deptford, som tilhøyrde enka Eleanor Bull. Der hadde det òg vore tre menn saman med han: Ingram Frizer, Nicholas Skeres og Robert Poley. Alle tre hadde vore tilsette av den eine eller andre av Walsinghamane. Skeres og Poley hadde bidratt til å snøra inn konspiratorane i Babingtonkomplottet, og Marlowe hadde ein krangel med dei om ei rekning (i dag kjent som «Reckoning», «rekneskapen»). Dei utveksla «diverse vondskapsfulle ord» medan Frizer sat ved eit bord mellom dei andre to og Marlowe låg bak han på ein sofa. Marlowe hadde nappa til seg Frizer sin dolk og såra han i hovudet. I den følgjande kampen, i følgje rapporten, blei Marlowe stukken over det høgre auget, noko som drap han momentant. Juryen konkluderte med at Frizer hadde handla i sjølvforsvar, og i løpet av ein månad blei han gjeven nåde. Marlowe blei gravlagd i ei umerka grav på kyrkjegard til St. Nicholas i Deptford like etter det rettslege likskodet den 1. juni 1593

Verk[endre | endre wikiteksten]

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Dido, dronning av Kartago (Dido, Queen of Carthage), ca. 1586, muligens skrive sammen med Thomas Nashe
  • Tamburlaine, del 1, ca. 1587
  • Tamburlaine, del 2, ca. 1587–1588
  • Jøden fra Malta (The Jew of Malta), ca. 1589
  • Doktor Faustus (The tragicall history of Doctor Faustus) ca. 1589 eller ca. 1593
  • Edvard den andre (Edward the Second) ca. 1591 eller 1592
  • Massakren i Paris (The Massacre at Paris), ca. 1593

Poesi[endre | endre wikiteksten]

  • Omsetjing av fyrste boka av Lucanus si Pharsalia (Borgerkrigen), om krigen mellom Julius Cæsar og Pompeius. Dato ukjend.
  • Omsetjing av Ovid sine Elegier, ein gong på 1580-talet.
  • Den vellystige hyrde (The Passionate Shepherd to his Love), ein gong før 1593, sidan det heile tida viser til Marlowe sine skodespel.
  • Hero og Leander, ca. 1593, uferdig, men fullført av George Chapman, 1598.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere. Vestens litteraturhistorie 1, Gyldendal. ISBN 82-05-11663-6. Side 271.
  2. Nicholl, Charles (2006): «By my onely meanes sett downe: The Texts of Marlow's Atheism» i: Kozuka, Takashi & Mulryne, J.R.: Shakespeare, Marlowe, Jonson: new directions in biography. Ashgate Publishing, s. 153.
  3. Dette er minnet i navnet til byens hovedteater, Marlowe Theatre, og ved byens museer. Imidlertid ble kirken St. George's brent ned i brannen som følge av Baedeker Blitz under den andre verdenskrig og ble deretter revet i etterkrigstiden, kun kirketårnet står igjen i sørenden av Canterburys High Street.
  4. «Marlowe, Christopher» Arkivert 13. oktober 2012 på Wayback Machine. i: Venn, J. & J. A., Alumni Cantabrigienses, Cambridge University Press, 10 bind, 1922–1958.
  5. For en fullstendig avskrift, se Peter Fareys nettsted for Marlowe Arkivert 9. august 2011 på Wayback Machine.
  6. Hutchinson, Robert (2006): Elizabeth's Spy Master: Francis Walsingham and the secret war that saved England. London: Weidenfeld & Nicolson. ISBN 0 297 84613 2. s. 111.
  7. Logan, Terence P., & Denzell S. Smith, red. (1973): The Predecessors of Shakespeare: A Survey and Bibliography of Recent Studies in English Renaissance Drama. Lincoln, NE, University of Nebraska Press. ss. 24-26.
  8. The Sixteenth Century: Topics. Se særlig mellomseksjonen hvor forfatteren på dette nettstedet viser hvordan en annen tidligere student fra Cambridge, Thomas Preston, lot sin tittelfigur uttrykke sin kjærlighet i et populært stykke som ble skrevet rundt 1560 og sammenligner disse «klossete» tekstlinjer med Doktor Faustus som adresserer Helena av Troja
  9. Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere. Vestens litteraturhistorie 1, Gyldendal. ISBN 82-05-11663-6. Side 270.
  10. Deats, Sarah Munson (2004): «'Dido Queen of Carthage' and 'The Massacre at Paris'» i: Cheney, Patrick: The Cambridge Companion to Christopher Marlowe. Cambridge, England: Cambridge University Press. ISBN 0-521-82034-0. s. 193.
  11. Nicholl, Charles (1992): «Libels and Heresies» i: The Reckoning: The Murder of Christopher Marlowe. London: Jonathan Cape. ISBN 0224031007. s. 41.
  12. Hoenselaars, A. J. (1992): «Englishmen abroad 1558-1603» i: Images of Englishmen and Foreigners in the Drama of Shakespeare and His Contemporaries. Madison, New Jersey: Fairleigh Dickinson University Press. ISBN 0838634311. ss. 78-79.
  13. «A Libell, fixte vpon the French Church Wall, in London». Arkivert frå originalen 7. august 2011. Henta 25. mars 2011. 
  14. For en full avskrift, se Peter Fareys Marlowe-side Arkivert 7. august 2011 på Wayback Machine..
  15. Palladis Tamia. London, 1598: 286v-287r.
  16. The Coroner's Inquisition Arkivert 30. januar 2010 på Wayback Machine. (oversettelse)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brooke, C. F. Tucker (1930): The Life of Marlowe and «The Tragedy of Dido, Queen of Carthage» London: Methuen, ss. 107, 114, 99, 98)
  • Bevington, David & Rasmussen, Eric (1998): Doctor Faustus and Other Plays, OUP; ISBN 0-19-283445-2
  • Burgess, Anthony (2003): A Dead Man in Deptford, Carroll & Graf. ISBN 0-7867-1152-3. En roman om Marlowe basert på versjonen av hendelsen i The Reckoning
  • Marlowe, Christopher (1994): Complete Works. Vol. 3: Edward II. Red. R. Rowland. Oxford: Clarendon Press. (ss. xxii-xxiii)
  • Downie, J.A. & Parnell, J.T. (red.) (2000): Constructing Christopher Marlowe, Cambridge. ISBN 0-521-57255-X
  • Honan, Park (2005): Christopher Marlowe Poet and Spy, Oxford University Press. ISBN 0-19-818695-9
  • Kuriyama, Constance (2002): Christopher Marlowe: A Renaissance Life. Cornell University Press. ISBN 0-8014-3978-7
  • Logan, Robert A. (2007): Shakespeare's Marlowe: The Influence of Christopher Marlowe on Shakespeare's Artistry. Aldershot, Hants: Ashgate. ISBN 978-0-7546-5763-7
  • Nicholl, Charles (2002): The Reckoning: The Murder of Christopher Marlowe, Vintage (rev. utg.) ISBN 0-09-943747-3
  • Parker, John (2007): The Aesthetics of Antichrist: From Christian Drama to Christopher Marlowe. Cornell University Press. ISBN 978-0-8014-4519-4
  • Riggs, David (2005): The World of Christopher Marlowe, Henry Holt and Co. ISBN 0-8050-8036-8
  • Shepard, Alan (2002): Marlowe's Soldiers: Rhetorics of Masculinity in the Age of the Armada, Ashgate. ISBN 0-7546-0229-X
  • Trow, M.J. (2002): Who Killed Kit Marlowe?, Sutton. ISBN 0-7509-2963-4
  • Ule, Louis (1996): Christopher Marlowe (1564–1607): A Biography, Carlton Press. ISBN 0-8062-5028-3
  • Welsh, Louise (2004): «Tamburlaine Must Die», kortroman basert på oppbyggingen av Marlowes død
  • Wraight, A.D. & Stern, Virginia F. (1965): In Search of Christopher Marlowe: A Pictorial Biography, Macdonald, London