Churandy Martina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Churandy Martina i 2016

Churandy Martina (fødd 3. juli 1984) er ein friidrettsutøvar frå Willemstad på Curaçao i Dei nederlandske Antillane som sidan 2011 representerte Nederland i sprintløp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Martina markerte under VM 2007 seg som ein av dei beste sprintarane i verda. Både på 100 m og 200 meter la han beslag på femteplassen. Året etter sette han personbeste med 9,93 sekund då han vart fjerdemann på 100-meteren i Beijing-OL. Berre dagar seinare sprang han i mål som andremann etter Usain Bolt i 200-meterfinalen, men vart diskvalifisert for å ha overskride banemarkeringa.

Etter Dei nederlandske Antillane vart oppløyst i 2010, representerte Martina Nederland. Under europameisterskapen 2012 vann han 200-meteren på tida 20,42 sekund framfor sin nye landsmann Patrick van Luijk. I den same meisterskapen vann dei to løparane, i lag med Brian Mariano og Giovanni Codrington gullmedaljen i 4 x 100 meter stafett. I dei olympiske leikane i London i august 2012 sette Martina nederlandsk 100-metersrekord med 9,91 sekund i semifinalane, for så å verte nummer 6 i finalen. På 200 meter kneip han femteplassen i OL. To veker etter sommarleikane sette han landsrekord på 200 m då han fekk notert 19,85 sekund i eit stemne i Lausanne.

Sommaren 2016 vann Martina EM-gull på 100 meter. Han sprang også fyrst over mål på 200 meter, men som Beijing-OL diskvalifisert for brot på banemarkeringa. Under OL i Rio de Janeiro vart han som i forrige Sommar-OL nummer 5 på 200 m. Den 25. august 2016 lukkast han forbetre sin landsrekord til 19,81 sekund i Lausanne.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2003 i Paris: Utslått i forsøka på 100 m (10,35=nr 33)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,24=nr 22)
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,48=nr 21). Nr 6 i 4 x 100 m stafett (38,45)
  • VM 2007 i Osaka: Nr 5 på 100 m – 10,08, og på 200 m – 20,28
  • OL 2008 i Beijing: Nr 4 på 100 m – 9,93. Nr 8 på 200 m – diskvalifisert i finalen
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,19=nr 17)
  • EM 2012 i Helsinki: Gull på 200 m – 20,42, og i 4 x 100 m stafett (38,34)
  • OL 2012 i London: Nr 5 på 200 m – 20,00, nr 6 på 100 m – 9,94, nr 6 i 4 x 100 stafett (38,39)
  • EM 2014 i Zürich: Nr 4 på 200 m – 20,37. Utslått i semifinalane på 100 m (10,39=nr 9). Nr 5 i stafett (38,60)
  • VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalane på 200 m (20,20=nr 10) og 100 m (10,09=nr 16)
Martina etter EM-sigeren i Amsterdam i 2016
  • EM 2016 i Amsterdam: Gull på 100 m – 10,07. Nr 8 på 200 m – diskvalifisert i finalen. Nr 4 i stafett (38,57)
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 på 200 m – 20,13. Utslått i forsøka på 100 m (10,22=nr 26)
  • EM 2018 i Berlin: Nr 6 på 100 m – 10,16. Bronse i stafett (37,90). Utslått i semifinalane på 200 m (20,51=nr 10)
  • VM 2019 i Doha: Nr 8 i 4 x 100 m stafett (diskvalifisert i finalen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]