Cinquecento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taket i Det sistinske kapellet blei måla av Michelangelo i dei første tiåra av 1500-talet.

Cinquecento (italiensk for 'fem hundre') viser til dei kulturelle strøymingane i Italia1500-talet. Dette var ei dramatisk tid i europeisk historieHabsburg-slekta fekk makt over store delar av Europa og reformasjonen snudde opp ned på vestleg kristendom.[1] Den katolske kyrkja svara med motreformasjonen, som fekk stor innverknad på samtidskunsten.Perioden blei omfattar høgrenessansekunst og manierisme. Cinquecento følgde quattrocento og blei avløyst av seicento.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Tittelbladet til Orlando furioso.

Cinquecento-litteraturen var sterkt prega av språkspørsmålet og kva form av italiensk ein skulle bruka til skriftspråk. Ulike forfattarar brukte sine lokale former, men Pietro Bembo fekk stor innverknad med sitt litteraturspråk bygd på verka til tidlegare Petrarca og Boccaccio. Ein munter språkbruk frå denne tida finn ein i makaronisk dikting, som blanda latin og folkeleg italiensk.

Niccolò Machiavelli er ein kjend forfattar frå denne tida, særleg for boka Fyrsten (Il Principe) som var tett knytt til renessansepolitikk. Il Cortegiano ('Hoffmannen') av Baldassare Castiglione tok for seg eigenskapane til ein perfekt deltakar ved hoffet og til ei adelskvinne. Giordano Bruno var den viktigaste italienske filosofen frå denne tida. Det episke diktet Orlando furioso av Ludovico Ariosto bygde på Orlando Innamorato frå det føre hundreåret, og blei hovudsakleg skrive for å underhalda. Torquato Tasso blir rekna som den siste store diktaren i den italienske renessansen.

Palestrina og pave Julius III.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Komponisten Giovanni Pierluigi da Palestrina er rekna som den mest typiske cinquecento-komponisten. Han forenkla den komplekse polyfonien som hadde utvikla seg til homofoni. Den venetianske skulen utvikla ein mektig, klangrik musikk med framføringar av fleire kor, blåsarar og strengeinstrument i basilikaen San Marco di Venezia. Dei nye musikkstilane inspirerte komponistar andre stader i Europa og markerer byrjinga på barokken.

Mona Lisa (ca. 1503-5) av Leonardo da Vinci er eit døme på lys- og skuggebruk innan seicento.

Målarkunst[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av 1500-talet tok målarar i Nord-Italia i bruk lys og skugge som viktige effektar. Teknikkar som chiaroscuro og sfumato blei utvikla og brukt av mellom anna Tizian, Leonardo da Vinci og Giorgione. Dei viktige kristne verka Den siste nattverden og taket i Det sixtinske kapellet blei måla på denne tida. Samtidig blei det også laga fleire sekulære verk, mellom anna ein del med motiv frå heidensk mytologi. Høgrenessansen gjekk over til seinrenessansen eller manierismen, som skulle utvikla seg vidare til barokk kunst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.