Colette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colette

Pseudonym Willy, Colette Willy
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 28. januar 1873
Saint-Sauveur-en-Puisaye
Død

3. august 1954 (81 år)
Paris

Yrke romanforfattar, skuggeforfattar, journalist, librettist, manusforfattar, novelleforfattar, skodespelforfattar, prosaforfatter, skodespelar
Språk fransk
Medlem av Académie Goncourt, Académie royale de langue et de littérature françaises de Belgique
Far Jules Colette
Ektefelle Maurice Goudeket, Willy, Henry de Jouvenel
Born Colette de Jouvenel
Signatur
Colette på Commons

Sidonie Gabrielle Colette (28. januar 18733. august 1954) var ein fransk forfattar, best kjend som Colette.[1] Ho er rekna som ein særs viktig forfattar innan fransk litteratur på første halvdel av 1900-talet. Bøkene hennar har gjerne sjølvbiografiske drag.[2] Dei blir ofte omtala som sensuelle, med skildringar av lyd, lukt, fargar og tekstur. Dei tek gjerne opp gleder og smerter knytt til kjærleik.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Barndomsheimen til Colette i eit fotografi påskrive av henne sjølv.

Colette var fødd og voks opp i landsbyen Saint-Sauveur-en-Puisaye i Yonne i Bourgogne. Ho var dotter av Jules-Joseph Colette, ein tidlegare offiser som blei pensjonert frå hæren etter ein fotamputasjon og seinare verka som skatteoppkrevjar, og Adèle Eugénie Sidonie Landoy («Sido»). Ho hadde tre eldre halvsysken, to brør og ei syster.[4] Barndommen var prega av rike litterære impulsar frå mora si boksamling, som omfatta mange klassikarar, og faren si interesse for tidsskrift. Frå mora fekk ho også ei interesse for naturen.[5] Frå ho var 6 til ho var 17 gjekk Colette i offentleg skule. Dette var ei nokså omfattande utdanning for ei jente på denne tida.[6][7]

Familien hadde vore velståande, men levde over evne, og blei ruinert. I 1891 flytta Colette og foreldra til Châtillon-sur-Loing der dei budde hjå Colette sin halvbror, Achille Robineau-Duclos, som var lege.[8]

Då ho var 20 gifta Colette seg med den 15 år eldre Henri Gauthier-Villard, kjend som Willy. Paret slo seg ned i Paris,[9] der han introduserte henne til salongane og det hedonistiske såkalla demimonde-livet.[3]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Portrait de Colette (ca. 1896) av Ferdinand Humbert.

Willy var musikkritikar, journalist og ein produktiv populærforfattar. Mange av verka hans blei skrivne av skuggeforfattarar og gjevne ut under hans eige namn. Etter at Colette fortalde ektemannen episodar frå skuledagane sine, oppmuntra han henne til å laga bok om det med ekstra vågale detaljar lagt til. Dette førte til den populære og noko skandaløse Claudine-serien og to bøker om Minne, som alle kom ut under namnet Willy. I 1904 gav ho ut dyreskildringane Dialogues de bêtes og i 1907 den siste Claudine-boka, La Retraite sentimentale, under namnet Colette-Willy. I 1906 skilde ho lag med Willy.[10] Deretter bygde ho opp eit ry som forfattar under sitt eige namn.

Utan tilgang til inntektene frå Claudine-bøkene, som Willy hadde opphavsretten på, måtte Colette livnæra seg med opptredenar i music hall-ar i Paris og rundtom i Frankrike. Ho framførte mellom anna pantomimar, sketsjar og stykke avleidde frå sine eigne bøker. Ei av dei ho delte scene med var Mathilde de Morny, Marquise de Belbeuf («Missy»), som ho også hadde eit langvarig forhold til. 3. januar 1907 førte eit scenekyss mellom Missy og Colette i pantomimen Rêve d'Égypte nesten til opptøyar, og gjorde at dei to ikkje lenger kunne leva ope saman. Forholdet deira varte likevel i fem år til.[11][12][13] I 1910 kjøpte paret villaen Rozven i Bretagne, som Colette overtok og ferierte i etter at forholdet tok slutt.[14]

Det bohemaktige livet ho levde i desse åra inspirerte La Vagabonde (1910) og L'Envers du music hall (1913).[10] Med desse verka etablerte ho også si eiga litterære stemme.[5]

I 1912 gifta Colette seg med Henry de Jouvenel, redaktøren for avisa Le Matin. Paret fekk dotter, Colette de Jouvenel, kjend som Bel-Gazou, i 1913. Dottera opptrer i den dyreorienterte boka La Paix chez les bêtes (1916).[3]

Under første verdskrigen verka Colette som journalist. Ho bidrog med noveller og teaterskildringar til Le Matin.[3] Ekteskapet gjorde likevel at ho også fekk tid til å skriva ulike former for skjønnlitteratur.[11][15][16] Ho skreiv mellom anna ein libretto til L'enfant et les sortilèges, ein opera av Maurice Ravel. Ho kalla sidan det ho hadde skrive fram til denne tida lærlingestykka sine.[3]

Colette etablerte ryet sitt som forfattar med Chéri (1920) og La Fin de Chéri (1926) Le Blé en herbe (1923) og La Maison de Claudine (1922). Dei to første bøkene handlar om kjærleiksforholdet mellom ei eldre kvinne og ein yngre mann, og er ei av fleire bøker der Colette skildrer den noko umoralske mellomkrigstida.[3] Sistnemnde markerte byrjinga av ein serie memoaraktige bøker,[5] og såg tilbake på det idylliske landsbylivet frå barndommen til motsats frå grunne kjærleiksforhold.[3]

I 1924 enda ekteskapet med Jouvenel i skilsmål, dels på grunn av hans utruskapar og dels på grunn av at Colette hadde eit forhold med sin eigen steson, Bertrand de Jouvenel.

Colette i 1932.

I 1925 møtte ho forfattaren Maurice Goudeket, som blei hennar siste ektemann. Ho blei verande med han livet ut.[11][15] Ho tok opp emne som kvinneleg seksualitet og lesbiske tema i Ces Plaisirs (1932) og sjalusi i La Chatte (1933) og Duo (1934).[3] Ho bidrog også som dreiebokforfattar til filmar som Sommer ved Frauensee (1934) og Divine (1933).

Då Frankrike fall for Nazi-Tyskland i 1940 var Colette 67 år gammal. Ho fortsette å bu i leilegheita si i rue de Beaujolais ved Palais Royal i Paris. Ektemannen, som var jødisk, blei arrestert av Gestapo i desember 1941, og sjølv om han blei lauslaten nokre månader seinare etter at den franske kona til den tyske ambassadøren greip inn, levde Colette ut krigen i uro for ein ny arrestasjon.[17][18]

Under den tyske okkupasjonen skreiv Colette to memoar, Journal à rebours (1941) og De ma fenêtre (1942).[11] I 1944 gav ho ut eit av sine best kjende verk internasjonalt, Gigi, ei soge om den sekstenårige Gilberte («Gigi») Alvar som blir opplært som kurtisane, men bryt tradisjonen ved å gifta seg med den rike elskaren sin.[19] Romanen blei filmatisert i 1949 med Danièle Delorme og Gaby Morlay i hovudrollene, blei gjort om til eit teaterstykke for Broadway av Anita Loos i 1951. Stykket hadde den då ukjende Audrey Hepburn i tittelrolla, vald ut av Colette sjølv. I 1958 blei forteljinga laga om til ein oscarprisvinnande Hollywood-musikal med Leslie Caron og Louis Jourdan i hovudrollene.

I etterkrigsåra var Colette ein berømt offentleg person, men ho var sterkt plaga av artritt. Ho blei teken vare på av Goudeket, som òg hadde oppsyn med utgjevinga av dei samla verka hennar, Œuvres complètes (1948–1950). Ho fortsette framleis å skriva, med verk som L'Etoile vesper (1944) og Le Fanal bleu (1949).

Grava til Colette i Père Lachaise.

Då ho døydde i 1954 blei Colette nekta ei katolsk gravferd på grunn av skilsmåla sine. I staden blei ho gjeven ei statleg gravferd av den franske staten, som den første kvinnelege forfattaren, og den andre kvinna etter Sarah Bernhardt. Ho blei gravlagd på kyrkjegarden Père-Lachaise.[17][18][11][20]

Utmerkingar og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Colette blei vald inn til Det belgiske kongelege akademiet i 1935 og Académie Goncourt i 1945, der ho blei vald til president i 1949. Ho blei utnemnd til chevalier (1920) og grand officier (1953) av Æreslegionen.[16] Desse utmerkingane blei sjeldan gjevne til kvinner.[3]

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

I dag blir Colette rekna som ein av dei viktigaste franske forfattarane frå 1900-talet.[1] Ho er òg blitt stadig meir oppfatta som ei viktig røyst i kvinnelitteraturen.[11] Verka hennar er ofte sjølvbiografiske eller berre delvis fiktive.[5] Dei har ofte handling frå den såkalla Belle Époque, ein fransk gullalder i tiåra rundt 1900.

Colette skriv i stor grad om erfaringsverda til kvinner, om forhold mellom mor og dotter, om kjærleik og sjalusi.[1] La Naissance du Jour (1928) er eksplisitt i kritikken av konvensjonelle liv for kvinner, uttrykt gjennom ein meditasjon over alder og fråseiing av kjærleiken gjennom figuren til mor hennar, Sido.[21] Ofte nytta Colette minne frå den idylliske, landlege oppveksten sin. Dyr har ei viktig rolle i fleire av bøkene hennar, La Chatte (1934; norsk Katten, 1994), og i mange bøker har òg planteliv ei viktig rolle.[1]

Dei fleste forfattarane i samtida hylla Colette som ein meisterleg forteljar og stilist. Ho blei mellom anna prisa av André Gide og Henri de Montherlant. Det blei likevel ofte sagt at ho hovudsakleg tok for seg det emosjonelle og, i motsetning til mange andre franske forfattarar, var «ureflektert» og lite filosofisk.[1] Kritikarar har rekna verka hennar som avgrensa på grunn av epoken og emna det tek for seg - svært ofte rolla til kvinner i samfunnet og tida ho kom frå. Men innan denne ramma tek verka opp problem som autentisitet, mannsdominanse i samfunnet og det generelle verdssynet, hykleri og korrupsjon i samfunnet, aldring og å vere i naturen.[5]

I nyare tolkingar av livssynet som verka hennar formidlar, har litteraturkritikarar hevda at Colette formidlar ei harmonisk og avbalansert oppfatting av livet utan religiøse overtonar, ei grunnhaldning prega både av tida rundt hundreårsskiftet, då ho blei forma som forfattar, og av tradisjonar frå den franske klassisismen.[1]

Colette i andre kulturuttrykk[endre | endre wikiteksten]

La Vagabonde hadde stor innverknad på forfattarskapen til Cora Sandel,[1] både gjennom den frie hovudfiguren, den litterære stilen og gjennom eksempelet frå forfattaren. Sandel las romanen då han kom ut i 1910, nett då ho sjølv byrja å skriva. Ho omsette romanen til norsk, men fekk han først gjeven ut i 1952, som Omstreifersken.[22]

Songar-låtskrivaren Rosanne Cash nemner forfattaren i songen «The Summer I Read Colette» på albumet 10 Song Demo frå 1996. Songen inspirerte henne vidare til å skriva novella «Part Girl».[23]

Filmen Colette frå 2018 tek for seg livet til den unge Colette. Forfattaren blir spelt av Keira Knightley.[24]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Førsteutgåva av Claudine à l'école
Illustrasjon av René Lelong til Vrilles de la Vigne.

(Utval)[25]

  • Claudine à l'école (1900)
  • Claudine à Paris (1901)
  • Claudine en ménage (1902)
  • Claudine s'en va (1903)
  • Dialogues de Bêtes (1904)
  • La Retraite Sentimentale (1907)
  • Les Vrilles de la vigne (1908)
  • La Vagabonde (1910)
  • L'Envers du music hall (1913)
  • L'Entrave (1913)
  • La Paix Chez les Bêtes (1916)
  • L'Enfant et les sortilèges (1917, operalibretto for Maurice Ravel)
  • Mitsou (1919)
  • Chéri (1920)
  • La Maison de Claudine (1922)
  • L'Autre Femme (1922)
  • Le Blé en herbe (1923)
  • La Fin de Chéri (1926)
  • La Naissance du jour (1928)
  • Sido (1929)
  • La Seconde (1929)
  • Le Pur et L'Impur (1932)
  • La Chatte (1933)
  • Duo (1934)
  • Julie de Carneilhan (1941)
  • Le Képi (1943)
  • Gigi (1944)
  • L'Étoile Vesper (1947)
  • Le Fanal Bleu (1949)
  • Paradis terrestre, med fotografi av Izis Bidermanas (1953)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Sidonie Gabrielle Colette». Store norske leksikon. Henta 26. juli 2018. 
  2. Patrick McCarthy; William Driver Howarth (21. juli 2016). French literature. Encyclopædia Britannica, inc. Henta 30. juli 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 Kathleen Kuiper (21. november 2016). Colette. Encyclopædia Britannica, inc. Henta 30. juli 2018. 
  4. Julien Dieudonné; Aurélie de Cacqueray; Myriam Provence; Sophie Condat (1999). Familles d'écrivains. Archives & culture. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Hewitt, Nicholas. (1. januar 2005). «Colette, Sidonie-Gabrielle». The New Oxford Companion to Literature in French. Oxford University Press. Henta 26. juli 2018. 
  6. Tilburg 2008, s. 78.
  7. Portuges & Jouve 1999, s. 79.
  8. «Colette à Saint-Sauveur-en-Puisaye et Châtillon-sur-Loing». terresdecrivains.com. 14. august 2003. 
  9. «Colette à Paris, Saint-Coulomb, Montfort-Lamaury…». terresdecrivains.com. 14. august 2003. 
  10. 10,0 10,1 «Colette». Who's Who in the Twentieth Century. Oxford University Press. 1. januar 2003. Henta 26. juli 2018. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 Flower 2013, s. 145.
  12. Rodriguez 2002, s. 131.
  13. Benstock 1986, s. 48-49.
  14. «COLETTE à Rozven». terresdecrivains.com. 16. juni 2011. 
  15. 15,0 15,1 Portuges & Jouves 1994, s. 80.
  16. 16,0 16,1 Cottrell 1991, s. 262.
  17. 17,0 17,1 Portuges & Jouve 1994, s. 80-81.
  18. 18,0 18,1 Rosbottom 2014, s. unpaginated.
  19. Snodgrass 2015b, s. unpaginated.
  20. Wilson, Scott. Resting Places: The Burial Sites of More Than 14,000 Famous Persons, 3. utg.: 2 (Kindle Locations 9128-9129). McFarland & Company, Inc., Publishers. Kindle Edition
  21. Ladimer 1999, s. 57-58.
  22. Janet Garton (1993). Norwegian Women's Writing 1850-1990. Bloomsbury Publishing. s. 130. 
  23. Dana Andrew Jennings (7. april 1996), «POP MUSIC;Songwriters Who Followed Their Literary Muses», The New York Times 
  24. Hoffman, Jordan (22. januar 2018). «Colette review – Keira Knightley is on top form in exhilarating literary biopic». The Guardian. Henta 27. januar 2018. 
  25. Norell, Donna M. (1993). Colette: An Annotated Primary and Secondary Bibliography. Garland Reference Library of the Humanities. Routledge. ISBN 9780824066208.