André Gide
| André Gide | |
| Statsborgarskap | Frankrike |
| Fødd | 22. november 1869 Paris |
| Død |
19. februar 1951 (81 år) |
| Yrke | journalist, filmprodusent, essayist, skodespelforfattar, romanforfattar, dagbokskrivar, reiseforfattar, omsetjar, sjølvbiograf, skribent, prosaforfatter, manusforfattar, litteraturkritikar, lyrikar |
| Språk | fransk |
| Sjanger | prosa, teater |
| Medlem av | Décades de Pontigny[*], comité de lecture des éditions Gallimard[*] |
| Far | Paul Gide |
| Mor | Juliette Gide |
| Ektefelle | Madeleine Gide |
| Born | Catherine Gide |
| Prisar | Nobelprisen i litteratur, Goetheplaketten fra Frankfurt am Main, Goethe-medaljen for kunst og vitenskap, Grand prix des Meilleurs romans du demi-siècle |
| André Gide på Commons | |
André Gide (22. november 1869–19. februar 1951) var ein fransk forfattar og nobelprisvinnar.
Gide hadde ein streng religiøs oppvekst. Spenninga mellom asketisme og livsnyting vart eit grunndrag i André Gides produksjon. Han debuterte i 1891 med Les cahiers d'André Walter. Hans sjølvbiografi frå 1946 og hans dagbøker (utgitt i 1939, 1942 og 1950) gir innblikk i Gides kompliserte personlegdom. I 1947 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur med følgjande grunngiving: «för hans vittomfattande och konstnärligt betydelsefulla författarskap, i vilket mänsklighetens frågor och villkor ha framställts med oförskräckt sanningskärlek och psykologisk skarpsyn».
Gide var brorson til nasjonaløkonomen Charles Gide. I 1895 gifta han seg med Madeleine Rondeaux. På grunn av si homoseksuelle legning levde dei aldri i eit fullbyrda ekteskap.
Utvald bibliografi (norske titlar)
[endre | endre wikiteksten]- L'Immoraliste (1902) (Den umoralske)
- La Porte étroite (1909) (Den trange port)
- Les Caves du Vatican (1914)
- La Symphonie pastorale (1919) (Hyrden)
- Corydon (1924, essays)
- Si le grain ne meurt (1924, sjølvbiografi)
- Les Faux-monnayeurs (1925) (Falskmyntnerne)
- Voyage au Congo (1927, reiser)
- Retour de l'U.R.S.S. (1936, reiser)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nobelprize.org, Nobelprisen i litteratur 1947
- Nobelprize.org, André Gide - Biografi
- André Gide i Libris