Cordieritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cordieritt
Cordierite Italie.jpg
Cordieritt frå Italia
Generelt
Kategori Silikatmineral
Kjemisk formel (Mg,Fe2Al4Si5O18
Strunz-klassifisering 09.CJ.10
Dana-klassifisering 61.02.01.01 Cordieritt-gruppa
Krystallsymmetri 2/m 2/m 2/m Ortorombisk - dipyramidal
Einingscelle a = 17.079 Å, b = 9.730 Å, c = 9.356 Å; Z = 4
Identifikasjon
Farge blå, røykblå, blåfiolett; grønaktig, gulbrun, grå; fargelaus til særs lyseblå i tynne delar
Krystallform Pseudo-heksagonal prismatiske tvillingar, som innstøypte korn og massiv
Krystallsystem Ortorombisk - Dipyramidal Romgruppe: C ccm
Tvilling Vanleg på {110}, {130}, enkel, lamellert, periodisk
Kløyv Ganske god på {100}, dårleg på {001} og {010}
Brot Undermuslig
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 7 - 7.5
Glans feittete eller glasaktig
Strekfarge Kvit
Spesifikk vekt 2.57 - 2.66
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Vanlegvis optisk (-), stundom (+); 2V = 0-90°
Brytingsindeks nα = 1.527 - 1.560 nβ = 1.532 - 1.574 nγ = 1.538 - 1.578 indeksane aukar med jarninnhaldet
Pleokroisme X = bleik gul, grøn; Y = fiolett, blå-fiolett; Z = lyseblå
Smeltbarheit på tynne kantar
Kjenneteikn Liknar kvarts og kan fråskiljast med pleokroisme. Kan skiljast frå korund av den lågare hardleiken.
Kjelder [1]

Cordieritt er eit mineral som består av magnesium-aluminium-silikat med noko jarn for magnesium, (Mg,Fe)2Al4Si5O18. Cordieritt er strukturelt nærskyldt med beryll, men har rombisk symmetri. Hardleiken er stor, 7–7,5, og mineralet er glasaktig og oftast blåfarga. Det viser sterk dikroisme (pleokroisme), blå i éi retning og gul i ein annan, og går på grunn av denne eigenskapen òg under namnet dikroitt. Eit anna forelda namn er iolitt.

Cordieritt opptrer både i kontakt- og regionalmetamorfe bergartar (hornfelsar i Oslofeltet; gneisar i BambleArendal-traktene). Ved høg temperatur er den heksagonale modifikasjon indialitt stabil. Cordieritt blir lett påverka av hydrotermale løysingar (varme, vasne løysingar som gjennomtreng bergartene) og omdannast til blaute, gulaktige eller raude aggregat som består av glimmerar og leirmineraler (aspasiolitt, pinitt).

Klåre, friske krystall nyttast som edelsteinar (vassafir, finst i seifar i Sri Lanka). Det er mogleg at vikingane sine solstein som vart brukt i navigasjonen bestod av cordieritt.

Det vart oppdaga i 1813 og er kalla opp etter den franske geologen og gruveingeniør Louis Cordier (1771–1861).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]