Cornelius Middelthon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cornelius Middelthon
Cornelius Middelthon, Stortingsarkivet.jpg
Fødd 12. april 1869

Stavanger kommune

Død 6. april 1934
Stavanger kommune
Parti Høgre

Cornelius Middelthon (12. april 18696. april 1934) var ein norsk kjøpmann og Høgre-politikar frå Stavanger. Han var stortingsrepresentant 1919-24 og arbeidsminister i tre regjeringar i 1920-åra.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Middelthon var son til ein kjøpmann i Stavanger. Han var frå 1886 tilsett i familieverksemda i Stavanger, og tok over eigarskapen i 1890. Forretninga omfatta dampskipsekspedisjon, utreiing av skip samt handel med korn og sild. Middelthon utvida aktiviteten til også å omfatte kolhandel og sal av maskinar til hermetikkindustrien.

Middelthon var formann i Stavanger (Rogaland) Skogselskap 1911–34, formann i Stavanger Handelsforening 1903–09 og styremedlem i Den Norske Handelsstands Fællesforening 1906–09. Han var elles formann i Stavangers Kunstforening i 10 år og hadde styreverv i ei fleire industritiltak.

Frå 1916 til -22 var Middelthon medlem i sentralstyret i Høgre. Perioden 1919-21 representerte han partiet og einmannskrinsen Holmen i Stavanger på Stortinget, i den neste treårsperioden var han vald frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland. På Stortinget var han med i Vegkomitéen, formann i komiteen 1922–23.

Middelthon var 1920-21 arbeidsminister i Otto B. Halvorsen si første regjering, i 1923 i Otto B. Halvorsen si andre regjering i 1923 og i 1923-24 i Berge-regjeringa 1923–24. Abraham Berge og alle statsrådane i regjeringa han leidde, vart i 1926 stilt for riksrett. Alle vart frifunne i 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]