Abraham Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abraham Berge
Abraham Berge.jpg
Fødd 20. august 1851, Lyngdal
Død 10. juli 1936, Tønsberg
Abraham Berge på Commons

Abraham Theodor Berge, (20. august 185110. juli 1936) var ein norsk politikar frå Lyngdal i noverande Vest-Agder fylke. Han var statsminister i Noreg frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Berge representerte Frisindede Venstre og var ein av stiftarane av partiet. Tidlegare statsminister Otto Bahr Halvorsen døydde etter berre to månadar i statsministerstolen i si andre regjering. Regjeringa Halvorsen gjekk av 29. mai 1923. Berge gjekk inn for å fjerna alkoholforbodet, noko som gav den nye regjeringa problem. Stortingsfleirtalet kravde ny folkerøysting om alkoholforbod, og regjeringa fall.

Riksrett[endre | endre wikiteksten]

Abraham Berge og seks av statsrådane hans vart i 1926 utsett for riksrettstiltale. Regjeringa Berge hadde gjort løyvingar utan å informera Stortinget. Saka var frå 1923 og løyvingane var gjort for å stø opp om Handelsbanken. Berge og statsrådane vart frikjende. Eit mindretal røysta mot frikjenning. Vurderinga ved frikjenninga gjekk på at regjeringa hadde handla i beste meining.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]