Yanbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yanbu' Al Bahr
by
NASA-bilete av Yanbu' al Bahr
Land  Saudi-Arabia
Region Al Madinah
Guvernement Yanbu Al Bahr
Koordinatar 24°05′N 38°0′E
Folketal 188 430  (2004)
Grunnlagd 491 fvt.
 - grunnlagd 1 1925
Provinsguvernør Faisal Bin Salman Bin Abdulaziz Al Saud
Retningsnummer +966-4
Kart
Yanbu
24°2′40″ N 38°24′27″ E
Wikimedia Commons: Yanbu

Yanbu' al Bahr (arabisk ينبع البحر, Yanbuʿ al-Baḥr, «kjelda ved havet»), òg berre kalla Yanbu, Yambo eller Yenbo, er ein stor hamneby ved Raudehavet Al Madinah-regionen vest i Saudi-Arabia. Han ligg kring 300 kilometer nordvest for Jidda. Folketalet er 188 430 (folketeljing 2004). Mange av innbyggjarane er utlendingar som arbeider på oljeraffineria og i petrokjemiindustrien, hovudsakleg frå Asia, men òg mange frå Midtausten, Europa, USA og Canada.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yanbu by.

Førmoderne tid[endre | endre wikiteksten]

Yanbu har ei historie som går minst 2 500 år attende, og var ei lossehamn for krydder og røykjelse frå Jemen til Egypt og Middelhavsområdet.

Invasjonen til Dul Ashir fann stad i Yanbu. To eller tre månader etter at Muhammed kom attende frå Buwat, utpeikte han Abu Salamah Ibn Abd al-Assad til å ta plassen hans i Medina, medan han var borte på eit raid. Mellom 150 og 200 følgjesveinar vart med i denne operasjonen til al-Ushayra i Yanbu i anten månaden Jumada al-awwal eller Jumada al-Thani.[1][2][3]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Yanbu var forsynings- og operasjonsbase for arabiske og britiske styrkar som kjempa mot Det osmanske riket under fyrste verdskrigen. Han var ein liten hamneby fram til 1975, då dei saudiarabiske styresmaktene valde byen som eit av dei to nye industrisentera i landet (det andre var Al Jubayl ved Persiabukta). Det er gjort omfattande utvikling av både staten og private i hamna og det kringliggande området, som er basert på petrokjemisk industri.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen er delt inn i tre hovuddelar, som ligg kring femten minuttars køyretur med bil frå kvarandre. Yanbu er den nest største saudiarabiske byen ved Raudehavet, etter Jidda. Den nordlege delen er Yanbu Al-Balad eller Yanbu Al-Bahar. Sentrum av denne delen av byen er tettast folkesett.

Yanbu Al-Nakhal (Palmane) er eit separat område med meir enn 20 landsbyar som Algabreih, Madsos, Alnejil og Talaat Nazah, kring 47 km frå byen, der dei fleste gardane ligg. Her bur det berre saudiarabarar, hovudsakleg frå lokale stammer.

Yanbu Al-Sina'iya (tyder «Industri-Yanbu»)) er industribyen, oppretta i 1975, og den sørlegaste delen av Yanbu. Yanbu Al-Sina'iya er delt i to, industriområdet i sør og eit bustadområde i nord, like ved industriområdet. Industriområdet er framleis i vekst.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Yanbu'al Bahr
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 34,4 37,3 40 43,6 49 49,5 49,4 49,3 49 47,4 44,7 42 49,5
Gjennomsnittleg maks °C 27,7 28,4 31,2 34,7 38,2 40,1 40,1 40,4 39,9 37 33,3 29,6 35,1
Døgnmiddeltemperatur °C 20,7 21,4 24 27,6 30,7 32,3 32,9 33,4 32,4 29,9 26,2 22,5 27,8
Gjennomsnittleg min °C 14,2 14,7 17 20,7 23,8 25,1 26,4 27,3 26,1 23,6 19,9 16,1 21,2
Lågast målte °C 4,7 6,5 8,7 11,5 15,6 18 21,3 20,4 19 14,3 12 7,8 4,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 6,4 1 1,4 0,4 0,7 0 0 0 0,1 4,1 7,4 11,5 33
Gns. luftfukt (%) 54 53 51 49 47 50 54 54 55 58 57 56 53
Kjelde: Jeddah Regional Climate Center[4]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Yanbu er ei viktig utskipingsterminal for petroleum og her ligg tre oljeraffineri, eit plastikkanlegg og fleire andre petrokjemiske fabrikkar. Han er den nest største hamnebyen i landet etter Jidda og tener som hovudhamna til den heilage byen Medina, 160 km lenger aust. Den naturlege hamna er verna på begge sider av korallrev. Reva er stort sett urørte og flotte dykkeområde. Tre store oljerøyrleidningar går gjennom ørkenen frå oljefelta i aust og endar ved Raudehavet i Yanbu.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Flyplass[endre | endre wikiteksten]

Yanbu har ein internasjonal flyplass (kode YNB) som vart renovert i 2009. Frå her går det ruter til Dammam, Jidda og Riyadh i Saudi-Arabia, og internasjonale ruter til Manama i Bahrain, Kairo i Egypt, Istanbul i Tyrkia og Dubai og Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata.

Alle dei internasjonale destinasjonane vert drivne av utanlandske flyselskap. Innanlands er det Saudia og Flynas som driv rutene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haykal, Husayn (1976), The Life of Muhammed, Islamic Book Trust, s. 217–218, ISBN 978-983-9154-17-7 
  2. Mubarakpuri, The Sealed Nectar (Free Version), s. 128
  3. Mubarakpuri, When the Moon Split, s. 148.
  4. «Climate Data for Saudi Arabia». Jeddah Regional Climate Center. Arkivert frå originalen 12. mai 2012. Henta 24. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Yanbu