Jubail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 27°0′N 49°40′E
Jubail
الجبيل
by
none
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Austprovinsen
Koordinatar 27°0′N 49°40′E
Folketal 378 949 (2011)
Provinsguvernør Saud bin Nayef
Tidssone AST (UTC+3)
Postnummer 31961
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jubail
Nettstad: www.jubailcity.com

Jubail (arabisk الجبيل, Al Jubayl) er ein by i Austprovinsen i Saudi-Arabia ved kysten av Persiabukta. Her ligg det største industriområdet i Midtausten og eit av dei største industriområda i verda. Han er heimstaden til det største petrokjemiske selskapet i Midtausten og det fjerde største i verda. Jubail består av gamlebyen Al Jubail (Jubail Balad), som var ein liten fiskelandsby fram til 1975, og det nye industriområdet.

I 1975 valte den saudiarabiske regjeringa å byggje ein ny industriby i Jubail, og rask utviding og industrialisering følgde. Det nye industri- og bustadområdet vart kalla Madīnat al Jubayl aṣ Ṣinā`īyah (Jubail industriby). I 2005 var folketalet i byen 224 430.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kong Abdul-Aziz marinebase
Fabrikkar i Jubail

Byen Al-Jubail ved Persiabukta har gamle røter. Det har budd folk her minst 7 000 år bakover i tid, då folket frå Dilmun oppretta ein busetnad her. Landsbyen Al Jubail vart grunnlagd av familiar som Albuainain, Alkhaldi og Aalkhater på 1700- og 1800-talet.

Bechtel byrja arbeidet med å byggje Jubail industriby for meir enn 30 år sidan, og held framleis på med arbeidet. I 2004 fekk dei oppdraget med å byggje ut Jubail II, ei utviding av industri- og bustadområde, til ein kostnad på 3,8 milliardar dollar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]