Cupvinnarcupfinalen i fotball 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1984 fann stad på St. Jakob-stadion i Basel 16. mai 1984, framfor 60 000 tilskodarar. Juventus frå Torino vann finalen, den 24. i sitt slag, med siffera 2-1 over FC Porto.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Beniamino Vignola sende Juventus framom i det 12. minuttet, medan António Sousa utlikna for Porto i det 29. minuttet. Zbigniew Boniek sette inn Juventus sitt sigersmål i det 41. minuttet.

Adolf Prokop frå Aust-Tyskland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Juventus-vinnarane var: Stefano Tacconi, Claudio Gentile, Sergio Brio, Gaetano Scirea (kaptein), Antonio Cabrini, Massimo Bonini, Beniamino Vignola, Michel Platini, Marco Tardelli, Paolo Rossi og Zbigniew Boniek. Straks før slutt kom Nicola Caricola inn i staden for Vignola.

FC Porto mønstra fylgjande mannskap: Zé Beto, João Domingos Pinto, António Lima Pereira, Eurico Gomes, Eduardo Luís, António Frasco, António Sousa, Jaime Pacheco, Jaime Magalhães, Fernando Gomes (kaptein) og Vermelhinho. Magalhães gjekk av bana i det 64. minuttet, inn kom Mickey Walsh, i det 82. minuttet erstatta José Alberto Costa venstrebacken Eduardo Luís.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]