Marco Tardelli
![]() Marco Tardelli i 1975 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Marco Tardelli | ||
Fødd | 24. september 1954 (68 år) | ||
Fødestad | Capanne di Ciareggine i Italia | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbane, forsvar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1973–1974 | Pisa | 41 | (4) |
1974–1975 | Como | 36 | (2) |
1975–1985 | Juventus | 259 | (35) |
1985–1987 | Inter | 43 | (2) |
1987–1989 | Servette | 14 | (0) |
Totalt | 393 | (43) | |
Landslag | |||
1976–1985 | Italia | 81 | (7) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Marco Tardelli, (fødd 24. september 1954 i Capanne di Careggine i Toscana) er ein italiensk, tidlegare fotballsspelar og seinare trenar. Han var ein av dei sentrale spelarane på Italia sitt lag som vann VM-gull under VM i fotball 1982. Tardelli skåra mellom anna eitt av måla i finalen mot Vest-Tyskland. Gjennom ti års spel på Juventus var han med å vinne alle dei tre store cupane i europeisk fotball. Tardelli var ein drivande midtbanespelar som deltok både offensivt og defensivt.[1] Etter si tid som aktiv har Tardelli arbeidd som trenar, mellom anna for det italienske U21-laget.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Tardelli debuterte i 1972 i Pisa SC i Serie C og spela sidan i Serie B-klubben AC Como. I 1975 fekk han kontrakt med Juventus, der han hadde sine beste år som fotballspelar. Han vart fleire gongar italiensk serie- og cupmeister og var med å vinne høvesvis UEFA-cupen i 1977, Cupvinnarcupen i 1984 og Europacupen i 1985.
Etter ti år, 259 kampar og 34 mål, flytta Tardelli i 1985 frå Juventus for spel i Inter. Han spela to sesongar i Inter, før han avslutta som profesonell fotballspelar med ein sesong i FC St. Gallen i Sveits.
Landslagspel[endre | endre wikiteksten]
År 1976 debuterte Tardelli for Italia under Enzo Bearzot mot Portugal. To år seinare var han med i Italias VM-lag som kom på fjerdeplassen under VM i Argentina. I 1980 var Tardelli med på laget som vart EM-firar på heimebane.
Hans store stund på landslaget kom under VM 1982, då han var ein nøkkelspelar på det Italia som vann landets tredje VM-tittel. Tardelli vart på sett og vis matchvinnar då han i andre omgangen la på til 2-0, kampen enda med 3-1 til Italia over Vest-Tyskland. Langskotet hans utløyste vill glede; Tardelli sprang mot den italienske innbytarbenken bankande mot brystkassa og skreik «mål!, mål!».[2][3] Han i spela sin 81. og siste landskamp mot Noreg hausten 1985, ein kamp som overraskande enda med norsk siger 2-1. Tardelli var med i VM-tropppa 1986, men spela ikkje i meisterskapen.
Trenar[endre | endre wikiteksten]
Tardelli har mellom anna vore trenar for AC Cesena, Italias U21-landslag, Inter og AS Bari. I 2000 leia han U21-landslaget til siger i den europeiske meisterskapen for ungdomslag. Han var ein kort periode landslagtrenar for Egypt.[4] Sidan 2008 har han vore assistenten til landslagstrenar Giovanni Trapattoni for Irland.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- VM-gull i 1982
- Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus
- Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
- Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
- Italiensk seriemeister 1977, 1978, 1981, 1982 og 1984 med Juventus
- Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus
Notar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ http://en.wikipedia.org/wiki/Marco_Tardelli
- ↑ The Independent: The most memorable goal celebrations: 'Tardelli Cry'
- ↑ John F. Molinaro (13 May 2010). «World Cup memories: Tardelli's celebration, 1982». CBC Sports.
- ↑ http://de.wikipedia.org/wiki/Marco_Tardelli
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Marco Tardelli» frå Wikipedia på svensk, den 24. juni 2012.