Michel Platini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michel Platini
Michel Platini 2010.jpg
Michel Platini i 2010
Personleg informasjon
Fullt namn Michel François Platini
Fødselsdato 21. juni 1955 (64 år)
Fødestad Jœuf i Frankrike
Høgd 1.79 m
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1972-1979 Nancy 181 (98)
1979-1982 Saint-Étienne 104 (58)
1982-1987 Juventus 147 (68)
Totalt 432 (224)
Landslag
1978-1987 Frankrike 72 (41)
Landslagstrenar for
1988-1992 Frankrike
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Michel François Platini (fødd 21. juni 1955) er ein fransk idrettsleiar og tidlegare fotballspelar, fødd i Jœuf i Meurthe-et-Moselle-departementet. Han er sidan 2007 president i Det europeiske fotballforbundet (UEFA). Platini var ein offensiv midtbanespelar som var den heit dominerande spelaren då Frankrike vann EM i fotball 1984. Han spelte 72 landskampar og skåra 41 mål for Frankrike i tida, og vart i av France Football i 2000 kåra til tidenes beste franske fotballspelar, framom Zinédine Zidane.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Platini seriedebuterte for AS Nancy våren 1973 og spelte for klubben fram til 1979. Både i 1976 og -77 fekk han prisen som beste spelar i den franske serien. Han var lagkaptein då Nancy vann 1-0 over Nice i den franse cupfinalen 1978. Sommaren 1979 underskreiv han ein treårskontrakt med AS Saint-Étienne, ein klubb han førte til seriemeisterskap i 1981.

Frå sommaren 1982 og i fem år framover var Platini Juventus-spelar. Han gjekk rett inn i eit klubbmannskap som bestod av mange av Italias verdsmeistrar frå same året; Dino Zoff, Gaetano Scirea, Antonio Cabrini, Claudio Gentile og Marco Tardelli. Platini vart likevel den mest sentrale spelaren bak Juventus sine mange triumfar dei neste fem åra. I 1983 vann Torino-klubben den italienske cupen, og året etter både den italienske serien og cupvinnarcupen. Under tragiske omstende på Heysel-stadion, der fleire titals italienske tilskodarar vart drepne, vann Juventus over Liverpool i europacupfinalen 1985. I 1986 vart Platinie seriemeister med Juventus for andre gong. Våren 1987 la han opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Platini spelte sin fyrste landskamp 27. mars 1976, og skåra eitt av måla då heimelaget spelte uavgjort 2-2 mot den komande europameisteren Tsjekkoslovakia. Han var med i den franske troppen både under VM i fotball 1978 og 1982, i den siste meisterskapen tapte Frankrike ein dramatisk semifinale mot Vest-Tyskland på straffeskyting. Også bronsemedaljen gjekk tapt ettersom Polen vann bronsekampen med 3 mot 2.

EM i fotball 1984 presenterte Platini seg på sitt aller beste. Med ni mål og skåring i kvar einaste kamp, stod han fram som den suverene einaren i meisterskapen. Det enda med at han som lagkaptein kunne ta mot EM-pokalen og feire at Frankrike for fyrste gong hadde vunne ein stor meistertittel. Som i 1982-VM møttest Frankrike og Vest-Tyskland til ein ny semifinale-dyst i VM i fotball 1986, og som sist gjekk Frankrike tapande ut av møtet. Til skilnad frå 1982 vann Platini og Frankrike denne gongen bronsefinalen.

Idrettsleiar[endre | endre wikiteksten]

Platini var fransk landslagssjef frå 1988 til -92, utan å oppnå større suksess. Seinare engasjerte han seg idrettspolitisk, og vart i 2007 vald til leiar av UEFA (det europeiske fotballforbundet). Attvald i 2011 og 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]