Paolo Rossi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paolo Rossi
Personleg informasjon
Fødd 23. september 1956 (67 år)
Fødestad Prato i Italia
Død 9. desember 2020 (64 år)
Dødsstad Siena i Italia
Høgd 173 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1973–1975 Juventus 0 (0)
1975–1976Como (lån) 6 (0)
1976–1979 LR Vicenza 94 (60)
1979–1980Perugia (lån) 28 (13)
1981–1985 Juventus 83 (24)
1985–1986 Milan 20 (2)
1986–1987 Verona 20 (4)
Totalt 251 (103)
Landslag
1977–1986 Italia 48 (20)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Paolo Rossi (23. september 19569. desember 2020) var ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Santa Lucia i Prato i Toscana-provinsen. Han vart verdsmeister for Italia i 1982, med Juventus vann han Europacupen i 1985, Cupvinnarcupen og den italienske seriemeisterskapen i 1984 og den italienske cupmeisterskapen i 1983.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rossi debuterte i 1975/76-sesongen for Como, klubben rykte ned frå Serie A ved sesongslutt. Sommaren 1976 vart han overført til Vicenza i Serie B, og fekk plass som midtspiss mot tidlegare å ha vore vingspelar. På denne plassen slo han til og vart skyttarkonge i serien, og hjelpte klubben til opprykk. Også sesongen etter vart han skyttarkonge, då i Serie A. Gjennom tre sesongar med Vicenza skåra han 60 mål på 94 kampar.

Då Vicenza rykte ned i 1979, gjekk turen vidare til Perugia. Der spela han 28 kampar og skåra 13 mål før han i april 1980 vart utestengt frå fotballspel i to år for si rolle i Totonero-saka, ei kampfiksingsak der ymse italienske fotballklubbar og spelarar var delaktige.

Rossi fekk kontrakt med Juventus i 1981, og fekk byrje å spele att våren 1982. Her fekk han lagkameratar av toppklasse, mellom andre Gaetano Scirea, Marco Tardelli, Antonio Cabrini, polakken Zbigniew Boniek og den aller beste, franskmannen Michel Platini. Med Juventus var Rossi med på å verte italiensk cupmeister i 1983, å sigre både i Serie A og i Cupvinnarcupen 1984, samt vinne den store Europacupen 1985. Finalen i Europacupen vart avvikla på Heysel stadion i Brussel, og enda med siger 1-0 over Liverpool FC. Før kampen braut uro og slåstkampar ut på tribunane, desse ført til at 39 menneske omkom.

Etter europacuptriumfen gjekk ferda strakt til AC Milan, der Rossi spela 1985/86-sesongen. Den neste sesongen, 1986/87 spela han for Verona. Han lukkast lite i korkje klubbane og valde å legge opp våren 1987.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rossi debuterte på Italias landslag i ein bortekamp mot Belgia i Liege, den 21. desember 1977. Sitt fyrste landskampmål skåra han då Italia vann 2-1 over Frankrike i Mar del Plata under VM i fotball 1978 i Argentina. Gjennom meisterskapen skåra han til saman tre mål, og Italia kom på fjerdeplass i turneringa etter tap 1-2 for Brasil i bronsefinalen.

Mellom mai 1980 og april 1982 var Rossi også utstengd frå landslaget, og rakk så vidt å kome med i troppen til VM 1982. Han vart verdsstjerne då han både vart toppskårar i meisterskapen med seks mål og vart kåra til den beste spelaren. Særleg vart han hugsa for å ha skåra Italias tre måla då det vart siger 3-2 over Brasil i den avgjerande kampen i mellomspelet, men han skåra også begge måla då Polen vart slått 2-0 i semifinalen, samt det fyrste målet i VM-finalen mot Vest-Tyskland. Same året vart han også kåra til Årets spelar i Europa.

Rossi var også med i Italia sin tropp til VM i Mexico 1986, men spela ikkje nokon kamp. Hans siste opptreden i den asurblå landslangstrøya vart dermed i 2-0-sigeren over Kina i Napoli den 11. mai 1986. Rossi spela 48 landskampar for Italia og skåra 20 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 1982 for Italia
  • VM-firar 1978 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1984 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1983 med Juventus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]