Cupvinnarcupfinalen i fotball 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1990 fann stad på Nya Ullevi i Göteborg 9. mai 1990, framfor 20 103 tilskodarar. Sampdoria frå Genova vann finalen, den 30. i sitt slag, etter ekstraomgangar med 2 mål mot 0 for RSC Anderlecht frå Brussel.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Etter 90 mållause minuttar gjekk oppgjeret til ekstraomgangar. På tampen av den fyrste ekstraomgangen, i det 105. minutt, syrgde Gianluca Vialli for italiensk nettsus. Tre minuttar ut i den andre ekstraomgangen stod det 2-0 på måltavla etter at same Vialli fekk nettkjenning nummer to.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Sampdoria sitt vinnarlag bestod av: Gianluca Pagliuca, Moreno Mannini, Pietro Vierchowod, Luca Pellegrini (kaptein), Amedeo Carboni, Giuseppe Dossena, Fausto Pari, Srečko Katanec, Giovanni Invernizzi, Gianluca Vialli og Roberto Mancini. Attilio Lombardo fekk plassen til Invernizzi i det 55. minutt og Fausto Salano spelte begge ekstraomgangane i staden for Katanec.

Anderlecht sitt mannskap var: Filip De Wilde, Georges Grün (kaptein), Stephen Keshi, Wim Kooiman, Guy Marchoul, Petrick Vervoort, Charly Musonda, Milan Janković, Arnór Guðjohnsen, Marc Degryse og Marc van der Linden. Degryse og Janković måtte vike plass for Luc Nilis og Luís Oliveira etter høvesvis 102 og 105 minuttars kamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]