Marc Degryse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marc Degryse
Personleg informasjon
Fullt namn Marc Gabriel Degryse
Fødd 4. september 1965 (54 år)
Fødestad Roeselare i Belgia
Høgd 172 cm
Posisjon Offensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1983-1989 Club Brugge 179 (75)
1989-1995 Anderlecht 170 (86)
1995-1996 Sheffield Wednesday 34 (8)
1996-1998 PSV 31 (4)
1998-1999 Gent 29 (10)
1999-2002 Germinal Beerschot 97 (27)
Totalt 542 (211)
Landslag
1984-1995 Belgia 63 (23)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. oktober 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 29. oktober 2011

Marc Gabriel Degryse (fødd 4. september 1965) er ein tidlegare belgisk fotballspelar frå Roeselare. Han spelte som midtbanespelar for det belgiske herrelandslaget og for fleire europeiske klubbar. På klubbnivå representerte han Club Brugge, RSC Anderlecht, Sheffield Wednesday, PSV Eindhoven, KAA Gent og Germinal Beerschot. For Belgia spelte han totalt 63 landskampar og skåra 23 mål, og dessutan representerte han landet i VM i 1990 og i VM i 1994. Degryse blei kåra til årets spelar i Belgia i 1988, 1990, 1995 og i 2000.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Belgisk seriemeister: med Anderlecht i 1986
  • Belgisk cupmeister: med Anderlecht i 1987
  • Belgisk seriemeister: med Club Brugge i 1990, 1992, 1993 og 1995
  • Belgisk cupmeister: med Club Brugge i 1994
  • Nederlandsk seriemeister: med PSV Eindhoven i 1997