Gianfranco Zola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gianfranco Zola

G Zola signing autographs Upton Park 09May09 (edited).jpg

Statsborgarskap Italia
Fødd 5. juli 1966 (55 år)
Oliena
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994, EM i fotball 1996

Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen

Gianfranco Zola (fødd 5. juli 1966) er ein italiensk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå OlienaSardinia. Han var ein kreativ og teknisk brilliant, offensiv spelar som vert særleg hugsa for sine år med SSC Napoli, Parma FC, Chelsea FC og Italia sitt landslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1984-89 var Zola aktiv for to ulike lag på lågare nivå, heime på Sardinia. I 1989 vart han overført til toppklubben Napoli. Allereie våren etter kunne han ferie triumf i Serie A, mellom lagkameratane fann ein karar som argentinaren Diego Maradona, brasilianaren Careca og Zolas eingen landsmann, Daniele Massaro. Mot 13 milliardar lire flytta Zola i 1993 frå ein økonomisk vanstyrt klubb til Parma FC. I dette laget viste Zola seg som ein framifrå playmaker. Med Parma vann han UEFA-cupen 1995. Frå november 1996 spelte Zola for engelske Chelsea. Med dette laget sanka han pokalar i FA-cupen 1997, ligacupen og cupvinnarcupen våren 1998, i den siste kampen vart han matchvinnar som innbytar. I mai 2000 vann han FA-pokal nummer to. Sommaren 2003 skreiv Zola kontrakt med Serie B-laget Cagliari. Zola bidrog mykje til at Cagliari rykte opp til Serie A i 2004. I juni 2005 la han opp, etter å ha skåra to mål i sin siste kamp (mot Juventus).

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Zola debuterte på Italia sitt landslag i Genova 13. november 1991. Gjestelaget Noreg tok då leiinga i EM-kvalifiseringskampen eit kvarter ut i andre omgangen ved Jahn Ivar Jakobsen, fyrst i sluttminutta makta Italia å utlikne til 1–1. Under VM i fotball 1994, der Italia tok seg til finalen, var Zola einast innbytar i ein kamp. Derimot spelte han alle Italias tre kampar i Fotball-EM 1996. Han aksla landslagstrøya siste gongen i oktober 1997. Etter 35 kampar og 10 landslagsmål måtte hana sjå langt etter vidare landslagsspel.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1995 for Parma FC
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1998 for Chelsea FC
  • Seriemeister: 1990 for SSC Napoli
  • Vinnar av FA-cupen: 1997 og 2000 for Chelsea FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1998 for Chelsea FC
  • VM-sølv: 1994 med Italia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]