DS «Vesteraalen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS «Vesteraalen»
DS Vesteraalen fra siden.jpg
DS «Vesteraalen» ved Bodø i 1893
Karriere
Type: Laste- og passasjerskip
Eigar: Vesteraalens Dampskibsselskab
Verft: Akers Mekaniske Verksted
Verftsnummer: 127
Jomfrutur: 1891
Kallenamn: JTGS / LFFX
Lagnad: Krigsforlis i 1941
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 623 tonn
Lengd: 50,5 m
Dekkbreidde: 8,3 m
Djupgang: 6,1 m
Fart: 10 knop
Passasjerar: 204 (1907)
Mannskap: 34 (1907)

DS «Vesteraalen» var det første skipet i Hurtigruta. Skipet var byggnummer 127 ved Akers mekaniske verksted i Oslo, og vart overlevert Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) i januar 1891. Skipet eit kombinert laste- og passasjerskip, og var blant dei første i landet som var utstyrt med elektrisk lys.

DS «Vesteraalen» gjekk ut frå Trondheim på den første hurtigruteferda, den 2. juli 1893. Skipet hadde før det gått i kystrute Tromsø - Vesterålen/Lofoten - Bergen. DS «Vesteraalen» fortsette i hurtigruta meir eller mindre fast fram til skipet vart avløyst av nybygde DS «Lofoten» i 1932. DS «Vesteraalen» gjekk etter dette i kystruter i Nord-Noreg, men hadde og einskilde turar som avløysarskip. 17. oktober 1941 var DS «Vesteraalen» på veg nordover frå Tromsø, då skipet vart råka av ein torpedo som trefte det midskips. DS «Vesteraalen» brekte i to og sokk på under eit minutt. Ombord på DS «Vesteraalen» var ei besetning på 22, samt 39 passasjerar. Det var berre seks av mannskapet og ein kvinneleg passasjer som overlevde forliset.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For å møte den aukande etterspørselen etter godskapasitet, bestemde Vesteraalens Dampskibsselskab seg i 1888 for å erstatte gamle DS «Vesteraalen» 1865 frå 1865 med eit større skip. Sidan ein ikkje fann noko bruksskip som eigna seg, vart eit nytt skip tinga ved Akers mekaniske verkstad i Kristiania. I januar 1891 kom nye DS «Vesteraalen» til Stokmarknes. Kort tid etter vart skipet sett i rute Tromsø - Vesterålen/Lofoten - Bergen. Sidan midten av 1880-talet hadde Richard With sin faste los Anders Holte notert nøyaktige seglingsdata for heile strekninga Bergen - Hammerfest. Dette gjorde det mogleg med nattseglingar og segling i dårleg sikt, som var ein viktig grunn til at Stortinget den 18. mai 1893 gav kontrakten for vekentlege heilårs hurtigruteseglingar til VDS.

Hurtigruta[endre | endre wikiteksten]

Klokka 08:00 den 2. juli 1893 la DS «Vesteraalen» ut frå Trondheim på den første hurtigruteseglinga med kaptein Richard With på brua. Skipet kom til Hammerfest snaue tre døgn (67 timar og 30 minuttar) etter avreisa frå Trondheim, ein og ein halv time før ruteplanen. Det første året var DS «Vesteraalen» det einaste hurtigruteskipet i drift, og gjorde all skepsis til skamme da ho gjennomførte vinterseglingane utan uhell.

Den 15. april 1907 kolliderte DS «Vesteraalen» med frakteskøyta «Activ» nord for Brønnøysund i lett snødrev. «Activ» sokk, men DS «Vesteraalen» kom uskadd frå samanstøyten og fortsette i hurtigruta fram til 1909, utan fleire uhell. Då vart DS «Richard With» overlevert, reiarlaget sitt nye skip. DS «Vesteraalen» vart no sett inn i Bergensruta, men kom tilbake til hurtigruta den 1. juli 1911. Vesteraalens Dampskibsselskab hadde fått den nye seksårs-kontrakten på den femte hurtigruteseglinga mellom Bergen og Kirkenes.

Avløysarskip[endre | endre wikiteksten]

Dette var berre ei mellombels løysning. Då DS «Finmarken» vart overlevert i september 1912, vart DS «Vesteraalen» tatt ut av hurtigruta igjen. Skipet fortsette i Bergensruta, og gjekk i turistrute frå Trondheim til Nordkapp om sommaren. 19. desember 1913 grunnstøytte DS «Vesteraalen» og sokk i Valdersundet like nord for Ålesund. Skipet vart heva og slept til Akers mekaniske verksted i Oslo for omfattande reparasjonar og oppgradering.

Frå 1. juli 1914 vart alle fem vekentlege hurtigruteseglingane utvida til strekninga Bergen - Kirkenes, og DS «Vesteraalen» vart sett inn igjen i fast rotasjon fram til 1932 då reiarlaget fekk levert sitt nye hurtigruteskip DS «Lofoten». DS «Vesteraalen» fortsette igjen som avløysarskip i hurtigruta. I 1936 leigde Narvik Dampskibsselskab skipet og brukte det på den nyoppretta ekspressruta Narvik - Trondheim.

Åtaket på Noreg[endre | endre wikiteksten]

Under det tyske åtaket på Noreg den 9. april 1940, låg DS «Vesteraalen» i Trondheim på nordgåande som avløysar for DS «Lofoten». Skipet vart liggjande i Trondheim til utpå sommaren. I september 1941 vart DS «Richard With» senka ved Rolvsøy på Finnmarkskysten, og den ordinære hurtigruten vart innskrenka med Tromsø som nordlegaste hamn. DS «Vesteraalen» vart sett inn på strekninga Tromsø - Hammerfest, medan resten av strekninga austover til Kirkenes vart betjent av den såkalla erstatningsruta. 17. oktober 1941 var DS «Vesteraalen» på nordgåande frå Tromsø med 39 passasjerar og ei besetning på 22. På veg inn til Øksfjord vart skipet om lag klokka 16:00 råka av ein torpedo frå ein uidentifisert ubåt. Torpedoen trefte «Vesteraalen» midtskips på babord side. DS «Vesteraalen» brekte i to og sokk i løpet av 30 sekundar. Seks av besetninga og ein passasjer overlevde. 54 personar omkom.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]