DS «Rosendal»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS Rosendal (1909))
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosendal, Ullensvang, Søndhordland and Hordaland at quay in Leirvik, Stord.jpg
Frå hamna på Leirvik på Stord i 1930. Inst ligg DS «Rosendal», DS «Ullensvang», DS «Søndhordland» og DS «Hordaland»
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Rosendal»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin- & Jernskibsbyggeri
Verftsnummer: 95
Sjøsett: 1909
Teke ut av teneste: 1952
Jomfrutur: 30. september 1909
Kjennemerke: MFSL/LESK
Lagnad: Opphogd 1952 i Belgia
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 358 brt
172 nrt
Lengd: 140,8 fot (42,9 m)
Breidd: 23,6 fot (7,2 m)
Djupgang: 10,7 fot (3,3 m)
Installert effekt : 80 nhk 470 ihk
Framdrift: Trippel ekspansjonsmotor (LM&JSB)
Fart: 11,5 knop

DS «Rosendal» var eit dampskip som i perioden 1909-1952 tente som lokalruteskip for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Skipet kosta då 190 000 kr. Det meste av perioden gjekk ho i den lengre ruta til reiarlaget, frå Bergen til Ytre Hardanger og Sunnhordland.

Skipet fekk namn etter bygda Rosendal i Hardanger, men òg andre namn vart vurdert, som «Halsnø». Det var det første skipet til reiarlaget med kvitmåla overbygg. Før dette hadde reiarlaget tidstypisk brunmåla overbygg. Dette var praktisk på kolfyrte dampskip, men gav eit noko dystert og mørkt inntrykk. «Rosendal» gav eit langt lysare og meir elegant inntrykk. Etter dette vart alle fartøya til HSD malt om.

Den 30. september 1909 vart skipet sett inn i ruta Bergen-Ytre Hardanger-Sunnhordland der ho avløyste den innleigde DS «Ofoten». I 1929 vart skipet ombygd og modernisert med ominnreidd 2. plass salong og ombygd losseutstyr. Under andre verdskrigen heldt skipet fram å gå i rutefart og gjekk mykje i ruta Bergen – Stavanger – Hardanger – Bergen. I februar 1942 kolliderte «Rosendal» med HSD-lokalrutebåten DS «Aalvik» nær Granvin. «Aalvik» fekk skade i skrog og dekk. Vinteren 1943 var «Rosendal» på veg over Slettå ved Haugesund i tung sjø då ein brottsjø slo over bakken og fylte brønnen føre brua med vatn. «Rosendal» fekk slagside, og ein måtte kaste dekkslasta over bord før skipet retta seg opp og ein fekk lensa brønnen. Under krigen ein gong kolliderte skipet ­òg med kystruteskipet DS «Bergen» i Stavanger hamn. Då krigen var over, i juli 1945 vart skipet dokka i Dekkedokken i Bergen for å setjast i stand att.

Skipet vart i september 1952 seld til Van Heugen Freres i Brugge i Belgia for gbp 7000 for opphogging. Skipet segla frå Bergen på sistereisa si den 19. september 1952 og nådde fram til Brugge den 22. september.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skipet.no
  • «Fjordabåten» Dag Bakka jr. 1994
  • «Over Fjord og Fjell, HSD 1880-1980» Bård Kolltveit 1980
  • «Bergenske Fjordabåter» Dag Bakka jr. for Bergens Tidende 1974
  • Norsk Skipsfartshistorisk Selskaps blad «Skipet».
  • Trygve Eriksen jr. arkiv