Daddelvedtak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Daddelvedtak, også kalla daddelvotum eller kritikkvedtak, er den sterkaste forma for kritikk som Stortinget kan kunngjera overfor ein statsråd utan å fremma mistillit.[1][2]

Ordet kjem frå verbet «å dadla» («kritisera», «klandra», «irettesetja» og skriv seg frå tysk Tadel i tydinga «mangel» eller «skuld» og på tysk heiter det tadelfrei, feilfri) og praksisen med bruk av ordet oppstod rundt 1830.[3][4][5][6] I Stortinget freista opposisjonen å auka innverknaden sin mellom anna ved «adresser» og kritiske merknader (daddelvotum). Daddelvedtak vart gjort mellom anna i 1842 (mot statsminister Due og statsråd Schouboe) og 1860 Daddelvotum var lett tilsløra mistillitsfråsegner.

Daddelvedtak gjennom historia[endre | endre wikiteksten]

Daddelvedtak er sjeldan brukte av Stortinget.[7][8]

Frå 1814-1884[endre | endre wikiteksten]

Sidan Kongen var utan daddel, og rådet frå kongen ikkje stod til ansvar, vart daddelvedtak brukt som eit alternativ til riksrettssak.

1884-1945[endre | endre wikiteksten]

Som ei følgje av innføringa av parlamentarismen, var ikkje daddelvedtak lenger naudsynt og det forsvann dermed ut av bruk. 

Etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Sidan andre verdskrigen har det vore nokre få daddelvedtak i Stortinget.

Regjering Tidspunkt Minister Årsak
Gerhardsen II 1947-06-01juni 1947 Regnskapsrot og motstridande opplysningar om fiskeanlegg i Melbu.[9]
1959-03-01mars 1959 Regjeringa tok først sjølvkritikk og fekk seinare eit daddelvedtak for våpeneksport som enda opp i Fidel Castros hender.[4]
Gerhardsen III 1964-05-01mai 1964 Trygve Lie (Industriminister) Lie fekk kritikk for manglande planlegging og byggoverskridingar i samband med Norsk Koksverk AS.[4]
1964-06-01juni 1964 Trygve Lie (Industriminister) Lie fekk kritikk for manglande opplysningar om den Norske Creditbank i samband med behandling av Husnes-saka[4].
Brundtland III 1995-06-01juni 1995 Regjeringa fekk kritikk for samanblanding av partipolitikk og arbeidet til departementet.[10]
Bondevik II 2004-06-01juni 2004 Ansgar Gabrielsen (Næringsminister) Gabrielsen fekk kritikk for salet av aksjane i investeringsselskapet SND Invest.[4]
2005-04-01april 2005 Kristin Krohn Devold (Forsvarsminister) Devold fekk kritikk for manglande internkontroll og rekneskapsrot i forsvaret.[4]
2005-04-01april 2005 Kristin Krohn Devold (Forsvarsminister) Devold fekk kritikk for manglande informasjon for at Forsvarsdepartementet ikkje hadde framlagt informasjon for Stortinget om viktige faglege innvendingar knytt til nedbemanninga av ulike fagstaber i ulike einingar av Forsvaret.[4]
Stoltenberg II 2013-03-01mars 2013 Regjeringa vart kritisert for manglande tryggings- og beredskapstiltak i samband med terrorangrepa 22. juli.[4]
Solberg 2015-05-19mai 2015 Andars Anundsen (Justisminister) Anundsen unngjekk eit mistillitsforslag, det vart i staden fleirtal for eit daddelvedtak.[11]
2018-03-15mars 2018 Sylvi Listhaug (Justisminister) Listhaug fekk kritikk for offentleg å ha «sett fram uriktig og krenkende påstandar knyttet til bekjempelse av terror i Noreg», gjennom ein Facebook-post om Arbeidarpartiet, i samband med ein pågåande debatt om eit lovforslag der regjeringa hadde foreslått at statsborgarskap skulle kunna bli fråtatt personar via administrativ avgjerd. Opposisjonen, beståande av mellom anna Arbeidarpartiet, forkasta forslaget med grunngivinga at dette berre skulle skje ved dom.[4]
2018-12-05desember 2018 Eit mistillitsforslag mot regjeringa fall, i staden vart det fleirtal for eit daddelvedtak. Kritikken gjekk på mangelfull objektsikring.[12]
2021-05-28mai 2021 Erna Solberg (Statsminister) Salet av Bergen Engines til TMH International (russiske Transmashholding) vart stoppa 23. mars 2021 av regjeringa grunna omsynet til norsk trygging. Kritikken handla om at salet vart stoppa altfor seint og at lovlegheita av salet ikkje hadde vorte vurdert opp mot lova om nasjonal trygging.[13][14][15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK: Nå nøstes det i problemene
  2. «Ordboka». 21. oktober 2009. Henta 15. mars 2018. 
  3. «Bokmålsordboka: dadle». Henta 15. mars 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 «Listhaug-vedtaket er Stortingets ellevte «daddelvedtak» siden krigen». NRK (på norsk bokmål). 15. mars 2018. 
  5. Borgersrud, Aslak (16. mars 2016). «Hva er egentlig et daddel-vedtak på Stortinget?». Dagsavisen (på norsk bokmål). 
  6. Det Norske Storting gjennom 150 år, Oslo, 1964, s. 323. Fulltekstutgave fra Nasjonalbiblioteket.
  7. Danielsen, M. A. (2017). Komité utenfor kontroll og konstitusjon? En analyse av Kontroll-og konstitusjonskomiteens kontroll med forvaltningen i perioden 2001-2017 (Master's thesis, Universitetet i Oslo).
  8. Salomonsen, M. Ø. (2006). Stortingets makt på lovgivningsområdet: undersøkelse av Odelstingets endringer av regjeringens lovforslag og Stortingets signaler under Bondevik II (Master's thesis, Universitetet i Oslo).
  9. «Mistillitsforslag, kabinettsspørsmål og kritikkforslag – en oversikt» (PDF). Stortingets utredningsseksjon. Mars 2014. Henta 17. mars 2018. 
  10. Borgersrud, Aslak (1. april 2015). «Får han en daddel i fjeset?». Dagsavisen (på norsk bokmål). 
  11. «Stortinget: «Sterkt kritikkverdig» av Anundsen». VG (på norsk). 19.05.2015. 
  12. AS, TV 2. «Opposisjonen retter sterk kritikk mot regjeringen» (på norsk). Henta 5. desember 2018. 
  13. AS, TV 2. «Regjeringen får sterk kritikk fra Stortinget i Bergen Engines-saken» (på norsk). Henta 20. mai 2021. 
  14. AS, TV 2. «- Regjeringen har sviktet hensynet til norsk sikkerhet» (på norsk). Henta 20. mai 2021. 
  15. «Debatten om Bergen Engines i Stortinget: – På grensen til hva en statsråd kan tillate seg» (på norsk). Henta 26. juni 2021.