Sylvi Listhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug
Foto: Tore Sætre
Fødd25. desember 1977 (46 år)
Ørskog
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
YrkeAdjunkt, politikar
Utdanna vedHøgskulen i Volda
Spjelkavik vidaregåande skule
EktefelleEspen Espeset
VervLeiar av Framstegspartiet 8. mai 2021–
FøregangarSiv Jensen
VervOlje- og energiminister 18. desember 2019– 24. januar 2020
FøregangarKjell-Børge Freiberg
EtterfylgjarTina Bru
VervEldre- og folkehelseminister 3. mai 2019– 18. desember 2019
FøregangarÅse Michaelsen
EtterfylgjarTerje Søviknes
VervNorsk justis-, beredskaps- og innvandringsminister 17. januar 2018– 20. mars 2018
FøregangarPer-Willy Amundsen
EtterfylgjarTor Mikkel Wara
VervNorsk innvandrings- og integreringsminister 16. desember 2015– 17. januar 2018
Alle verv

Sylvi Listhaug (fødd 25. desember 1977 i Ålesund) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet, som sidan 8. mai 2021 har vore leiar for partiet.

Listhaug har tidlegare vore landbruks- og matminister i Solberg-regjeringa, frå 2013 til 2015. Frå den posten gjekk ho til å vera Innvandrings- og integreringsminister i Justis- og beredskapsdepartementet, ein ministerpost som blei oppretta med verknad frå 16. desember 2015.[1] Ho var justis-, beredskaps- og innvandringsminister frå 17. januar til 20. mars 2018.[2] Ho fekk ny ministerpost som eldre- og folkehelseminister frå 3. mai 2019, før ho vart olje- og energiminister frå 18. desember 2019 til 24. januar 2020.

Listhaug har vore medlem av sentralstyret i Framstegspartiet sidan 2005. Har var finanspolitisk talsperson for partiet, etter at Frp gjekk ut av regjeringa Solberg i januar 2020.[3] Listhaug var byråd med ansvar for pleie- og omsorgstenesta, sosialtenesta, rusomsorga og barnevernet i Oslo 2006–2011. I åra 2009–2011 fungerte ho også som byrådsnestleiar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Listhaug er oppvaksen på ein familiegard med mjølkeproduksjon i ØrskogSunnmøre.[4] Som tenåring var ho ivrig fotballspelar. Ho har studiekompetanse frå Spjelkavik vidaregåande skule frå 1996 og utdanning som adjunkt med fordjuping i samfunnskunnkap, historie og spesialpedagogikk frå Høgskulen i Volda frå 2000.

Ho hadde ei praktikantstilling i representanthuset i Washington, D.C. 2004–2005. Hausten 2006 var ho tilbake i Washington, D.C. i fire månader for å studere amerikansk politikk. Ho var pleieassistent ved Ørskog aldersheim 1995–2000 og faglærar ved Sjøholt skule i Ørskog 2000–2001. I 2012 blei ho seniorrådgjevar i PR-byrået First House i Oslo.

Sylvi Listhaug er gift og har born.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Sylvi Listhaug har sin politiske bakgrunn frå Framstegspartiets Ungdom, der ho sat i sentralstyret 2002–2006. Listhaug var politisk rådgjevar for Framstegspartiets fraksjon i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité 2001–2004 og byrådssekretær for Margaret Eckbo i 2005. Då Eckbo trekte seg som byråd, overtok Listhaug som byråd for helse og eldreomsorg i januar 2006.

Som byråd ønskte Listhaug blant anna å gjera Oslo til eit utstillingsvindauge for fritt brukarval i eldreomsorga,[5] og stod bak innføringa av fritt brukarval innanfor heimehjelpstenesta i 2006. I 2011 blei fritt brukarval også innført i heimesjukepleia.[6] Listhaug har også gått inn for å auka satsinga på heimehjelp[7][8] samt gjeninnføra aldersheimane[9][10] i Oslo. Listhaug er oppteken av å auka kvaliteten på sjukeheimane og har innført Lotte-modellen[11] ved blant anna Fagerborghjemmet, Manglerudhjemmet og Lilleborg sykehjem i Oslo.[12][13]

I august 2009 blei det sett søkeljos på Listhaug si involvering i Sjukeheimsskandalen i Oslo.[14] I februar 2010 tok Erling Folkvord frå Raudt til orde for at Listhaug burde ha gått av som følgje av saka.[15]

Ho var vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal 2001–2009, deretter 1. vararepresentant frå Oslo 2009–2013, og møtte i til saman tre månader.

Korridorpolitikar (lobbyist) i First House[endre | endre wikiteksten]

I 2012 vart Listhaug seniorrådgjevar i PR-byrået First House i Oslo, og arbeidde der til ho gjekk inn i regjeringa i 2013.[16][17] [18][19] [20] I samband med at Oslo kommune arbeidde for å få Vinter-OL til Oslo i 2022, fekk Listhaug oppgåva med å overtala Framstegspartiet til å stemme for ein statsgaranti for dette arrangementet.[21] [22] Etter at Høgre sa endeleg nei til å gje statsgaranti, trekte Oslo kommune søknaden om å få Vinter-OL i 2022 og etaten Oslo2022 vart avvikla 31. desember 2014.[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. regjeringen.no Endringer i regjeringen 16.12.2015
  2. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018. 
  3. ««Nye» Frp klart på Stortinget», document.no (på norsk bokmål), 28. januar 2020, henta 28. januar 2020 
  4. Vermes, Thomas (16. oktober 2013). «Sylvi Listhaug: - Eg er ei stolt odelsjente». ABC Nyheter. Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. Henta 18. oktober 2013. 
  5. Dagbladet: Oslos nye sosialbyråd ... er oppriktig glad i gamle mennesker. Kanskje er det derfor hun vil sette dem ut på anbud.
  6. Oslo Kommune: Hjemme Best.
  7. Aftenposten: Mer og bedre hjemmehjelp
  8. Østkantavisa: Best i klassen igjen.[daud lenkje]
  9. Aftenposten: - Å legge ned aldershjemmene var en gigantisk tabbe, mener eldrebyråd Sylvi Listhaug.
  10. Nordre Aker Budstikke: Første Omsorg+ åpnet.
  11. NRK Puls: En fest å bli gammel
  12. Lokalavisen Frogner: Fagerborghjemmet er himmelriket
  13. Lokalavisen: Lilleborg vant Lotte-trekningen
  14. TV2: Anklager kommunen etter sykehjem-skandale
  15. P4: Sykehjemsskandalen: - Byråden bør gå
  16. https://www.dagbladet.no/nyheter/erna-far-ikke-se-first-house-listhaugs-hemmelige-kundeliste/62264614
  17. https://www.nettavisen.no/politikk/--hva-har-sylvi-listhaug-a-skjule/3698894.html
  18. https://e24.no/jobb/frp-listhaug-til-first-house/20128280
  19. http://www.dagsavisen.no/innenriks/matgiganter-hyret-inn-first-house-1.296158
  20. http://www.dagsavisen.no/innenriks/listhaugs-hemmelige-oppdrag-for-first-house-1.279122
  21. https://www.dagbladet.no/sport/faktura-avslorer-sylvi-listhaug-ble-betalt-for-a-pavirke-fremskrittspartiet/69197695
  22. https://www.dn.no/meninger/2017/12/21/2058/Leder/dn-mener-ugreit-med-muldvarp-i-frp
  23. Oslo kommune stanser OL-planene

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sylvi Listhaug