Dagfinn Mannsåker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagfinn Mannsåker
Dagfinn Mannsåker.jpg
Fødd 30. juni 1916
Død

16. juli 1994

Yrke historikar, redaktør, arkivar
Riksarkivar Dagfinn Mannsåker på sitt kontor.
Foto: Solly Sannerud, Riksarkivet

Dagfinn Mannsåker (30. juni 191616. juli 1994) var ein norsk historikar og riksarkivar.

Mannsåker vart fødd i Ullensvang, der far hans, Jon Mannsåker, var både prest og skulestyrar på Hardanger Folkehøgskule. Han voks opp fyrst her, sidan på Voss etter at familien flytte dit i 1928. I 1955 fekk Mannsåker graden Dr.philos. på avhandlinga Det norske presteskapet i det nittande hundreåret. Sosialhistoriske studiar. Mannsåker vart lektor i den høgare skulen 1954–59, universitetslektor i historie ved Universitetet i Oslo 1959–65 og riksarkivar 1965–82. Han var redaktør for Historisk Tidsskrift i mange år, og medarbeidar i fleire andre tidsskrift, i Norsk Biografisk Leksikon og Norsk Allkunnebok.

Dagfinn Mannsåker var ein aktiv målmann. Han var i åra 1958-1961 formann i Bærum mållag, og i 1960-1964 leiar i Kringkastingsringen.

Dagfinn Mannsåker var bror til statsråd Bergfrid Fjose.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Jacob Aall: liv og gjerning før 1814, hovudfagsoppgåve i historie, Oslo, 1944.
  • Det norske presteskapet i det nittande hundreåret. Sosialhistoriske studiar. 1954.
  • Norsk samfunnslære, saman med Hans Aarnes. 1956.
  • Norsk samfunnslære for realskolen/realskulen. saman med Hans Aarnes. 1959.
  • Nyare forsking omkring 1814, i heftet 1814 og 1884, Oslo 1968.
  • Diskresjonsspørsmål og personvern i lokalhistoria, i Heimen, 1977
  • Dei religiøse folkerørslene og samfunnet ca. 1750 - 1850, i Streiftog i Kirkehistorien, Oslo 1996.
  • Vegen til Kringsjå. Byggesaka til Riksarkivet fram til 1965, i Arkivmagasinet 1/1998

Kjelder[endre | endre wikiteksten]